Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Markus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Jesus blir avvist på heimstaden
6Sidan gjekk han derifrå og kom til heimstaden sin, og læresveinane følgde han.  2 Då sabbaten kom, tok han til å undervisa i synagogen. Mange som høyrde han, var fulle av undring og sa: «Kvar har han dette frå? Kva er det for ein visdom han har fått? Og slike mektige gjerningar som han gjer!  3 Er ikkje dette tømmermannen, son til Maria og bror til Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ikkje systrene hans her hos oss?» Og dei vart forarga og avviste han.  4 Men Jesus sa til dei: «Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin, hos slektningane sine og i sitt eige hus.»  5 Han kunne ikkje gjera noka mektig gjerning der; han berre la hendene på nokre få sjuke og lækte dei.  6 Og han undra seg over at dei var så vantruande.
        Så drog han rundt i landsbyane der omkring og underviste.

Jesus sender ut apostlane
 7 Jesus kalla til seg dei tolv og tok til å senda dei ut, to og to, og gav dei makt over dei ureine åndene.  8 Han sa til dei at dei ikkje skulle ta noko anna med seg på vegen enn ein stav – ikkje brød, ikkje veske, ikkje koparmyntar i beltet.  9 Dei skulle ha sandalar på føtene, men ikkje ha på seg meir enn éin kjortel. 10 Og han sa til dei: «Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer vidare. 11 Og er det nokon stad dei ikkje tek imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, skal de fara derifrå og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»
   
12 Så tok dei ut og forkynte for folket at dei skulle venda om. 13 Dei dreiv ut mange vonde ånder og salva mange sjuke med olje og lækte dei.
Herodes og døyparen Johannes
14 Kong Herodes fekk òg høyra om Jesus, for no var namnet hans vide kjent. Somme sa: «Døyparen Johannes er reist opp frå dei døde. Difor er desse kreftene verksame i han.» 15 Andre sa: «Han er Elia», og endå andre: «Han er ein profet, som ein av dei gamle profetane.» 16 Men då Herodes høyrde det, sa han: «Det er Johannes, han som eg lét halshogga. Han er vekt opp att.»
   
17 For Herodes hadde sendt ut folk for å gripa Johannes, kasta han i fengsel og binda han. Dette gjorde han for Herodias' skuld. Henne hadde Herodes gift seg med, endå ho var kona til Filip, bror hans. 18 Og Johannes hadde sagt til han: «Du har ikkje lov til å ha kona til bror din.» 19 Difor var Herodias ute etter han og ville få han drepen, men ho greidde det ikkje. 20 For Herodes hadde respekt for Johannes; han visste at han var ein rettferdig og heilag mann, og han heldt si hand over han. Når han høyrde Johannes, vart han uroleg og rådvill. Likevel høyrde han gjerne på han.
   
21 Men så baud det seg eit høve: På åremålsdagen sin heldt Herodes eit festmåltid for stormennene sine og for offiserane og dei fremste i Galilea. 22 Då kom dotter til Herodias inn og dansa. Herodes og gjestene vart så oppglødde over dette at kongen sa til jenta: «Be meg om kva du vil, så skal eg gje deg det.» 23 Han svor på det og sa: «Kva du enn bed meg om, skal du få, om det så er halve kongeriket mitt.» 24 Ho gjekk ut og spurde mor si: «Kva skal eg be om?» «Hovudet til døyparen Johannes», svara ho. 25 Straks skunda ho seg inn til kongen og bar fram ønsket sitt: «Eg vil at du no med det same skal gje meg hovudet til døyparen Johannes på eit fat.» 26 Kongen vart svært sorgfull, men fordi han hadde svore, og av omsyn til gjestene, ville han ikkje seia nei til henne. 27 Han sende straks ein bøddel i veg med bod om å henta hovudet til Johannes. Bøddelen gjekk og hogg hovudet av Johannes i fengselet. 28 Så kom han med hovudet på eit fat og lét jenta få det, og ho gav det til mor si.
   
29 Då læresveinane hans fekk høyra dette, kom dei og henta liket og la det i ei grav.
Jesus mettar fem tusen
30 Apostlane samla seg atter hos Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort, og alt dei hadde lært folket. 31 Då sa han til dei: «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» For det var så mange som kom og gjekk at dei fekk ikkje tid til å eta eingong.
   
32 Så drog dei ut med båten til ein aud stad for å vera for seg sjølve. 33 Men mange såg at dei drog bort, og kjende dei att, og frå alle byane kom folk springande og nådde fram før dei. 34 Då Jesus steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar. Og han gav seg til å undervisa dei om mange ting.
   
35 Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid. 36 Send folket frå deg, så dei kan gå bort i grendene og landsbyane her omkring og kjøpa seg noko å eta.» 37 «De skal gje dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?» 38 «Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.» 39 Då sa han at dei skulle la alle setja seg saman i matlag i det grøne graset. 40 Og dei slo seg ned, rad på rad – somme på hundre og somme på femti. 41 Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk. 42 Og alle åt og vart mette. 43 Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger. 44 Det var fem tusen menn som hadde fått mat.
Jesus går på vatnet
45 Straks etter nøydde Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, til Betsaida, medan han sjølv sende folket av stad. 46 Då han hadde teke farvel, gjekk han opp i fjellet for å be.
   
47 Då kvelden kom, var båten midt ute på sjøen, og Jesus var åleine på land. 48 Han såg at dei sleit og rodde tungt, for dei hadde vinden imot seg. I den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Han ville gå framom, 49 men då dei såg han gå på vatnet, trudde dei at det var eit gjenferd, og skreik høgt, 50 for alle såg han og vart gripne av redsle. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!» 51 Så steig han opp i båten til dei, og vinden stilna. Men dei var reint ifrå seg av undring. 52 For dei hadde ikkje teke lærdom av det som hadde hendt med brøda, så harde var hjarta deira.
Sjuke blir borne til Jesus
53 Då dei hadde fare over sjøen, kom dei til Gennesaret og la til lands der. 54 Straks dei steig ut av båten, kjende folk han att, 55 og dei sprang rundt i heile nabolaget og tok til å bera dei sjuke på bårer dit dei høyrde at han var. 56 Kvar han enn kom, til landsbyar, byar eller grender, sette folk dei sjuke ut på torget. Og dei bad om at dei i det minste måtte få røra ved dusken på kappefliken hans. Og alle som tok i han, vart friske.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

05. desember 2022

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2I de siste dager skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkelig som det høyeste av fjellene og rage over høydene. Dit skal alle folkeslag strømme. ... Vis hele teksten

2I de siste dager skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkelig som det høyeste av fjellene og rage over høydene. Dit skal alle folkeslag strømme. 3Mange folk skal dra av sted og si: «Kom, la oss gå opp til Herrens fjell, til Jakobs Guds hus, så han kan lære oss sine veier og vi kan ferdes på hans stier. For lov skal gå ut fra Sion, Herrens ord fra Jerusalem.» 4Han skal dømme mellom folkeslag og skifte rett for mange folk. De skal smi sverdene om til plogskjær og spydene til vingårdskniver. Folk skal ikke løfte sverd mot folk, ikke lenger læres opp til krig. 5Kom, Jakobs hus, la oss vandre i Herrens lys!

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2I dei siste dagar skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkeleg som det høgaste av fjella og raga over høgdene. Dit skal alle folkeslag strøyma. ... Vis hele teksten

2I dei siste dagar skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkeleg som det høgaste av fjella og raga over høgdene. Dit skal alle folkeslag strøyma. 3Mange folk skal dra av stad og seia: «Kom, lat oss gå opp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar og vi kan ferdast på hans stigar. For lov skal gå ut frå Sion, Herrens ord frå Jerusalem.» 4Han skal dømma mellom folkeslag og skifta rett for mange folk. Dei skal smi sverda om til plogskjer og spyda til vingardsknivar. Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk, ikkje lenger lærast opp til krig. 5Kom, Jakobs hus, lat oss vandra i Herrens lys!

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2Boahtá áigi goas Hearrá tempelvárri čuožžu nanusin, váriin alimussan, alážiin bajimussan, ja álbmogat márret dohko, ... Vis hele teksten

2Boahtá áigi goas Hearrá tempelvárri čuožžu nanusin, váriin alimussan, alážiin bajimussan, ja álbmogat márret dohko, 3Eatnat olbmuid čearddat johttájit ja dadjet: “Bohtet, vulgot Hearrá várrái, Jakoba Ipmila vissui. Son oahpista midjiide geainnuidis, mii dáhttut vádjolit su bálgáid, danin go Hearrá láhka vuolgá Sionis, Hearrá sátni Jerusalemis.” 4Son dubme álbmogiid, cealká duomu eatnat olbmuid čearddaide. Sii dáhkot mihkiideaset plogaávjun ja sáittiideaset viidnegárdeniibin. Álbmot ii šat lokte miehki álbmoga vuostá, dat eai šat oahpahala soahtat. 5Jakoba mánát, bohtet, vádjolehkot Hearrá čuovggas!