Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Markus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >
9Og han la til: «Sanneleg, eg seier dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå at Guds rike har kome med kraft.»
Læresveinane får sjå Jesu herlegdom
 2 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira,  3 og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite.  4 Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus.  5 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»  6 Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde.  7 Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»  8 Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.
   
 9 På vegen ned frå fjellet forbaud han dei å fortelja nokon kva dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde. 10 Dei merka seg det ordet og diskuterte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde. 11 «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» spurde dei. 12 Jesus svara: «Elia kjem først og set alt i rett skikk. Kvifor står det så skrive om Menneskesonen at han skal lida mykje og bli vanvørd? 13 Men eg seier dykk: Elia er alt komen, og dei gjorde med han som dei ville, slik det står skrive om han.»
Jesus lækjer ein gut med ei vond ånd
14 Då dei kom tilbake til dei andre læresveinane, såg dei at ei stor folkemengd var samla omkring dei, og nokre skriftlærde som var i ordskifte med dei. 15 Straks folket fekk auge på Jesus, vart dei gripne av otte og undring, og dei sprang imot han og helsa. 16 «Kva er det de er usamde om?» spurde han. 17 Ein i flokken svara: «Meister, eg er komen til deg med son min; han har ei ånd som gjer han stum. 18 Når ho tek tak i han, kastar ho han over ende, skummet står ut av munnen, og han skjer tenner og blir heilt stiv. Eg bad læresveinane dine driva ånda ut, men dei makta det ikkje.» 19 Då sa Jesus til dei: «Du vantruande slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med han!» 20 Dei førte guten bort til han, og med det same ånda fekk sjå Jesus, reiv og sleit ho i guten så han fall til jorda og velte seg med skum om munnen. 21 «Kor lenge har han hatt det slik?» spurde Jesus. «Frå han var liten», svara faren. 22 «Ofte har ånda kasta han både i eld og i vatn for å ta livet av han. Men om du kan, så ha medkjensle med oss og hjelp oss!» 23 «Om eg kan?» svara Jesus. «Alt er mogleg for den som trur.» 24 Straks ropa faren: «Eg trur, hjelp mi vantru!» 25 Då Jesus såg folk strøyma til, truga han den ureine ånda og sa: «Du stumme og døve ånd, eg byd deg: Far ut av han, og kom aldri meir tilbake!» 26 Då skreik ho høgt, reiv og sleit i han og fór ut. Guten låg livlaus, og alle sa at han var død. 27 Men Jesus tok han i handa og hjelpte han opp, og han reiste seg.
   
28 Då Jesus var komen i hus og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?» 29 Han svara: «Dette slaget kan berre drivast ut med bøn *og faste•.»
Jesus talar igjen om at han skal døy og stå opp att
30 Dei drog ut derifrå og la vegen gjennom Galilea. Han ville ikkje at nokon skulle vita om det, 31 for han heldt på å undervisa læresveinane sine. Han sa til dei: «Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske; dei skal slå han i hel. Tre dagar etter skal han stå opp att.» 32 Men dei skjøna ikkje kva han sa, og dei våga ikkje å spørja han.
Kven er den største?
33 Så kom dei til Kapernaum. Og då han vel var heime, spurde han dei: «Kva var det de snakka om på vegen?» 34 Dei tagde, for på vegen hadde dei vore usamde om kven som var den største. 35 Då sette han seg, kalla til seg dei tolv og sa til dei: «Om nokon vil vera den første, må han vera den siste av alle og tenar for alle.» 36 Så tok han eit lite barn og sette det midt imellom dei. Han la armen om barnet og sa til dei: 37 «Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men han som har sendt meg.»
For eller imot
38 Johannes sa til han: «Meister, vi såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn. Vi freista hindra han sidan han ikkje var i lag med oss.» 39 Men Jesus sa: «Hindra han ikkje! For ingen som gjer ei mektig gjerning i mitt namn, kan like etter tala vondt om meg. 40 Den som ikkje er imot oss, er med oss.
   
41 Den som gjev dykk eit beger vatn å drikka fordi de høyrer Kristus til – sanneleg, eg seier dykk: Han skal slett ikkje mista si løn. 42 Den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, for han var det betre om dei hadde lagt ein kvernstein om halsen på han og kasta han i havet.
Stå fast i freisting
43 Om handa di lokkar deg til fall, så hogg henne av! Det er betre for deg at du går lemlesta inn til livet, enn at du har to hender og kjem i helvete, til elden som aldri sloknar, 44 *der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. 45 Og om foten din lokkar deg til fall, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet, enn at du har to føter og blir kasta i helvete, 46 *der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. 47 Og om auget ditt lokkar deg til fall, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike, enn at du har to auge og blir kasta i helvete, 48 der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.
   
49 For kvart menneske skal saltast med eld, *og kvart offer skal saltast med salt.• 50 Salt er ein god ting. Men mistar saltet si kraft, korleis skal de då gjera det salt att? Ha salt i dykk sjølve og hald fred med kvarandre!»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

28. juni 2022

Dagens bibelord

1. Korinter 9,24–27

Les i nettbibelen

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. ... Vis hele teksten

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. 26Jeg løper derfor ikke uten å ha et mål. Jeg er heller ikke lik en nevekjemper som slår i løse luften. 27Nei, jeg kjemper mot meg selv og tvinger kroppen til å lystre, for at ikke jeg som har forkynt for andre, selv skal komme til kort.