Gå til forsiden

Fjerde Mosebok

1

Folketeljing i ørkenen

1  Herren tala til Moses i teltheilagdomen i Sinai-ørkenen. Det var på den første dagen i den andre månaden i det andre året etter at dei drog ut frå Egypt. Han sa:

2 Tel opp heile Israels forsamling, slekt for slekt og familie for familie, og skriv opp namna på alle menn, hovud for hovud. 3 Du og Aron skal mønstra alle stridsføre i Israel som er tjue år eller meir, hæravdeling for hæravdeling. 4 Ta med dykk éin mann for kvar stamme, han som er leiar for familiane. 5 Dette er namna på dei mennene som skal stå saman med dykk: Frå Ruben: Elisur, son til Sjede'ur; 6 frå Simon: Sjelumiel, son til Surisjaddai; 7 frå Juda: Nahsjon, son til Amminadab; 8 frå Jissakar: Netanel, son til Suar; 9 frå Sebulon: Eliab, son til Helon; 10 frå Josef-sønene, frå Efraim: Elisjama, son til Ammihud, og frå Manasse: Gamliel, son til Pedasur; 11 frå Benjamin: Abidan, son til Gidoni; 12 frå Dan: Ahieser, son til Ammisjaddai; 13 frå Asjer: Pagiel, son til Okran; 14 frå Gad: Eljasaf, son til De'uel; 15 frå Naftali: Ahira, son til Enan. 16 Dette er dei utvalde frå forsamlinga, leiarane for fedrestammane deira, overhovuda for Israels tusen.

17 Moses og Aron tok med seg desse mennene som var nemnde med namn. 18 Så kalla dei heile forsamlinga saman, den første dagen i den andre månaden. Alle som var tjue år eller meir, vart innførte i namnelister etter slekter og familiar, hovud for hovud. 19 Moses mønstra folket i Sinai-ørkenen, slik Herren hadde pålagt han.

20 Etterkomarane av Ruben, Israels førstefødde, vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne, hovud for hovud. 21 46 500 vart mønstra i Ruben-stammen.

22 Etterkomarane av Simon vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart mønstra, hovud for hovud. 23 59 300 vart mønstra i Simon-stammen.

24 Etterkomarane av Gad vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 25 45 650 vart mønstra i Gad-stammen.

26 Etterkomarane av Juda vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 27 74 600 vart mønstra i Juda-stammen.

28 Etterkomarane av Jissakar vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 29 54 400 vart mønstra i Jissakar-stammen.

30 Etterkomarane av Sebulon vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 31 57 400 vart mønstra i Sebulon-stammen.

32 Etterkomarane av Efraim, son til Josef, vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 33 40 500 vart mønstra i Efraim-stammen.

34 Etterkomarane av Manasse vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 35 32 200 vart mønstra i Manasse-stammen.

36 Etterkomarane av Benjamin vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 37 35 400 vart mønstra i Benjamin-stammen.

38 Etterkomarane av Dan vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 39 62 700 vart mønstra i Dan-stammen.

40 Etterkomarane av Asjer vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 41 41 500 vart mønstra i Asjer-stammen.

42 Etterkomarane av Naftali vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 43 53 400 vart mønstra i Naftali-stammen.

44 Dette er dei som vart mønstra av Moses og Aron og leiarane for Israel. Leiarane var tolv mann, éin for kvar slekt. 45 Israelittane vart mønstra, familie for familie, alle stridsføre i Israel som var tjue år eller meir. 46 I alt var det 603 550 som vart mønstra.

47 Men levittane vart ikkje mønstra etter fedrestammen sin saman med dei andre. 48 For Herren hadde sagt til Moses: 49 Berre Levi-stammen skal du ikkje mønstra. Dei skal du ikkje telja saman med dei andre israelittane! 50 Men du skal setja levittane til å ha tilsyn med bustaden for vitnemålet, med alle tinga der og alt som høyrer til. Dei skal bera bustaden og alle tinga som er i han, og gjera teneste i bustaden, og dei skal slå leir kring han. 51 Når bustaden skal flyttast, skal levittane ta han ned. Og når han skal reisast, skal levittane setja han opp. Om ein framand kjem nær han, skal han døy. 52 Israelittane skal slå leir, hæravdeling for hæravdeling, kvar mann i sin leir og under sitt banner. 53 Men levittane skal slå leir kring vitnemålsbustaden, så ikkje vreide skal koma over Israels forsamling. Levittane skal ha tilsyn med vitnemålsbustaden.

54 Dette gjorde israelittane. Alt Herren hadde gjeve Moses påbod om, gjorde dei.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.