Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Salomos ordtak

Kapittel 14
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31

Forrige kapittelNeste kapittel
14Den vise kvinna byggjer huset,
          den dumme riv det ned med eigne hender.
          
   
 2 Den som går rett fram, fryktar Herren,
          den som går krokvegar, foraktar han.
          
   
 3 I den dummes munn skyt hovmod fram,
          men for dei vise er leppene eit vern.
          
   
 4 Utan oksar er krubba tom,
          men med sterke stutar følgjer stor avling.
          
   
 5 Eit ærleg vitne lyg ikkje,
          men falske vitne fer med løgn.
          
   
 6 Ein spottar søkjer visdom, men finn han ikkje,
          for den som er klok, er det lett å få kunnskap.
          
   
 7 Hald deg borte frå dåren,
          du får ikkje kunnskap frå leppene hans.
          
   
 8 Den klokes visdom er å kjenna sin veg,
          dårars dårskap er å narra seg sjølve.
          
   
 9 Dei dumme talar hånleg om skuld,
          hos dei rettskafne rår velvilje.
          
   
10 Hjartet kjenner si eiga sorg,
          ingen framand er med det i gleda.
          
   
11 Dei urettferdige får huset lagt øyde,
          men det blømer i teltet til dei rettskafne.
          
   
12 Ein veg som synest vera den rette,
          kan likevel enda i døden.
          
   
13 Jamvel når ein ler, kan hjartet lida
          og gleda enda med sorg.
          
   
14 Den trulause blir mett av si eiga ferd
          og den gode av sine gjerningar.
          
   
15 Den truskuldige trur alt som blir sagt,
          den kløktige gjev akt på sine steg.
          
   
16 Den vise fryktar det vonde og vender seg bort frå det,
          dåren er overmodig og sjølvsikker.
          
   
17 Den som er bråsint, gjer dumme ting,
          den som legg vonde planar, blir hata.
          
   
18 Dei truskuldige arvar dårskap,
          dei kløktige blir krona med kunnskap.
          
   
19 Dei vonde må bøya seg for dei gode
          og dei urettferdige ved portane til dei rettferdige.
          
   
20 Jamvel av sin neste blir den fattige hata,
          mange er dei som elskar den rike.
          
   
21 Synd gjer den som foraktar sin neste,
          sæl er den som viser medynk med dei fattige.
          
   
22 Dei som tenkjer ut vondt, fer alltid vill,
          dei som har godt i tankar, møter miskunn og truskap.
          
   
23 Alt strev fører vinning med seg,
          tomt snakk gjev berre tap.
          
   
24 Rikdom kronar dei vise,
          dårars dårskap er og blir dårskap.
          
   
25 Eit ærleg vitne bergar liv,
          den som fer med løgn, er ein svikar.
          
   
26 Å frykta Herren er eit trygt vern,
          der kan borna òg søkja tilflukt.
          
   
27 Å frykta Herren er ei kjelde til liv
          slik at ein vender seg bort frå dødens snarer.
          
   
28 Å ha mykje folk er til heider for kongen,
          mangel på folk gjer at fyrsten fell.
          
   
29 Den som er sein til vreide, har stor innsikt,
          den bråsinte viser kor dum han er.
          
   
30 Eit friskt hjarte gjev kroppen liv,
          sjalusi er som verk i knoklane.
          
   
31 Den som undertrykkjer den svake, håner hans skapar,
          den som hjelper den fattige, ærar Gud.
          
   
32 Den urettferdige fell for sin eigen vondskap,
          jamvel i døden finn den rettferdige tilflukt.
          
   
33 I hjartet til den kloke slår Visdomen seg ned,
          men blant dårar er ho ukjend.
          
   
34 Rettferd lyfter eit folkeslag,
          men synd er ei skam for folka.
          
   
35 Ein forstandig tenar vinn velvilje hos kongen,
          ein duglaus blir råka av harmen hans.
Note : Dei dumme … om skuld: kan òg omsetjast «Skulda/skuldofferet håner dei dumme».
Note : er ho ukjend: Omsetjinga følgjer =Septuaginta. Hebr. har «gjev ho seg til kjenne».
Forrige kapittelNeste kapittel

28. februar 2021

Dagens Bibelord

Lukas 7,36–50

Les i nettbibelen

36Ein av farisearane bad Jesus eta hos seg. Og han gjekk inn i huset til farisearen og tok plass ved bordet. ... Vis hele teksten

36Ein av farisearane bad Jesus eta hos seg. Og han gjekk inn i huset til farisearen og tok plass ved bordet. 37No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus låg til bords hos farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve. 38Ho vart ståande bak Jesus, nede ved føtene, og gret. Så tok ho til å fukta føtene hans med tårene og tørka dei med håret sitt. Ho kyste føtene hans og smurde dei med salven. 39Då farisearen som hadde bede han heim, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.» 40Då tok Jesus til orde og sa til farisearen: «Simon, eg har noko å seia deg.» «Tal, meister», svara han. 41Jesus sa: «To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti. 42Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?» 43«Den han ettergav mest, tenkjer eg», svara Simon. «Du har rett», sa Jesus. 44Så vende han seg til kvinna og sa til Simon: «Ser du denne kvinna? Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho fukta dei med tårer og tørka dei med håret sitt. 45Du helsa meg ikkje velkomen med eit kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn. 46Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med velluktande salve. 47Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor har ho vist stor kjærleik. Men den som får tilgjeve lite, elskar lite.» 48Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.» 49Då tok dei andre gjestene til å tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?» 50Men Jesus sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå i fred!»