Gå til forsiden

Salomos ordtak

8

Visdomen ropar

1 Høyr, Visdomen ropar,

forstanden lyfter si røyst.

2 Visdomen stiller seg på toppen av høgdene,

ved vegen, der stigane møtest.

3 Ved portane inn til byen,

der folk går inn, ropar ho høgt:

4 Eg ropar til dykk, de menn,

mi røyst når ut til menneska.

5 Lær dykk klokskap, de urøynde,

få forstand i hjartet, de dårar!

6 Høyr, eg talar om det som er edelt,

frå leppene mine kjem ærlege ord.

7 Tunga mi talar sanning,

og leppene avskyr urett.

8 Kvart ord frå min munn talar om rettferd,

dei er ikkje svikefulle og falske.

9 Dei er gode for den som forstår,

og rette for den som finn kunnskap.

10 Ta imot mi formaning heller enn sølv

og kunnskap framfor utvalt gull.

11 For Visdomen er betre enn perler,

av alle skattar er ingen som ho.


12 Eg, Visdomen, bur i lag med klokskap;

kunnskap og omtanke finst hos meg.

13 Å frykta Herren er å hata det vonde.

Eg hatar hovmod og stormod,

den vonde vegen og all svikefull tale.

14 Meg høyrer råd og klokskap til,

innsikt er eg, og styrke har eg.

15 Ved meg herskar kongar,

og fyrstar fastset kva som er rett.

16 Ved meg rår fyrstar og stormenn,

alle som styrer rettferdig.

17 Eg elskar dei som elskar meg,

og dei som leitar, finn meg.

18 Hos meg er velstand og prakt,

rettferd og varig rikdom.

19 Mi frukt er betre enn det finaste gull,

den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sølv.

20 Eg går på rettferds veg,

held meg på dei rette stigar.

21 Eg gjev rikdom i eige til dei som elskar meg,

og fyller skattkammera deira.

Opphavet til Visdomen

22  Herren bar meg fram som sitt første verk,

før hans gjerningar i fjerne tider.

23 Frå eldgammal tid vart eg forma,

i opphavet, før jorda vart til.

24 Eg vart fødd då djupa ikkje fanst

og dei vassrike kjeldene ikkje var til.

25 Før fjella vart sette på plass,

før høgdene vart eg fødd.

26 Han hadde enno ikkje laga jorda og marka

og dei første støvkorn på landjorda.

27 Eg var der då han grunnfeste himmelen

og rissa opp himmelranda over djupet,

28 då han gav kraft til skyene der oppe

og kjeldene i djupet fekk styrke,

29 då han sette grense for havet

så vatnet stansa der han baud,

då han rissa opp grunnvollane under jorda.

30 Eg var byggmeister hos han.

Eg var til glede for han dag etter dag

og leika meg støtt for hans andlet.

31 Eg leika på hans vide jord

og gledde meg med menneska.


32 Så høyr no på meg, born!

Sæle er dei som følgjer mine vegar.

33 Høyr på formaninga og bli vise,

forakt henne ikkje!

34 Sælt er det mennesket som høyrer på meg,

som dagleg vaker ved dørene mine

og held vakt ved portane mine.

35 For den som finn meg, finn livet

og vinn velvilje hos Herren.

36 Men den som ikkje finn meg, skader si sjel.

Alle som hatar meg, elskar døden.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.