1 Ein salme av David.
Herren er min hyrding,
eg manglar ikkje noko.
2 Han lèt meg liggja i grøne enger,
han fører meg til vatn der eg finn kvile.
3 Han gjev meg nytt liv.
Han leier meg på rettferds stigar
for sitt namn skuld.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
er eg ikkje redd for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
dei trøystar meg.
5 Du dukar bord for meg
framfor mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje.
Mitt beger renn over.
6 Berre godleik og miskunn
skal følgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
gjennom alle tider.