1 Til korleiaren. Etter Gittit. Av Korah-songarane. Ein salme.
2 Kor elskelege dine bustader er,
Herre Sebaot!
3 Eg lengta, ja, tærtest bort av lengsel
etter Herrens føregardar.
No jublar hjarte og kropp mot den levande Gud.
4 Sporven har funne ein heim,
svala har fått seg eit reir
der ho kan leggja sine ungar,
ved dine altar, Herre Sebaot,
min konge og min Gud.
5 Sæle er dei som bur i ditt hus,
dei skal alltid lova deg. Sela
6 Sæle er dei som har sin styrke i deg,
dei som lengtar etter å fara opp til tempelet.
7 Når dei fer gjennom dalen med baka-tre,
gjer dei han til ei kjelde.
Haustregnet legg òg si signing over han.
8 Dei går frå kraft til kraft,
dei stig fram for Gud på Sion.
9 Herre, allhærs Gud, høyr mi bøn,
vend øyret til, du Jakobs Gud! Sela
10 Gud, vårt skjold, vend auga hit,
sjå på han du har salva!
11 Ja, éin dag i dine føregardar
er betre enn tusen andre.
Å liggja ved dørstokken til min Guds hus
er betre enn å bu i lovlauses telt.
12 For Herren Gud er sol og skjold,
Herren gjev nåde og ære.
Han held ikkje tilbake det gode
for den som er heil i si ferd.
13 Herre Sebaot,
sæl er den som set si lit til deg.