Gå til forsiden

Salmane

108 

1 Ein song. Ein salme av David.


2 Mitt hjarte er roleg, Gud,

eg vil syngja og spela av heile mi sjel.

3 Vakna, harpe og lyre!

Eg vil vekkja morgonròden.


4  Herre, eg vil prisa deg mellom folka,

lovsyngja deg mellom folkeslag.

5 For høgare enn himmelen er di miskunn,

din truskap når til skyene.

6 Vis deg høg over himmelen, Gud,

vis din herlegdom over all jorda!

7 Hjelp oss med di høgre hand,

svar meg så dine kjære kan bli berga.


8 Gud har tala i sin heilagdom:

Med jubel vil eg dela ut Sikem,

Sukkot-dalen vil eg måla opp.

9 Mitt er Gilead, mitt er Manasse,

Efraim er hjelmen på mitt hovud,

Juda er min styrarstav.

10 Men Moab er mitt vaskefat,

på Edom kastar eg sandalen.

Eg triumferer over Filistarland.

11 Kven fører meg til festningsbyen,

kven leier meg til Edom?

12 Du har jo støytt oss bort, Gud,

du drog ikkje ut med våre hærar.


13 Støtt oss mot fienden!

Hjelp frå menneske er ingenting verd.

14 I Gud skal vi gjera storverk.

Han skal trakka ned våre fiendar.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.