Gå til forsiden

Salmane

11 

1 Til korleiaren. Ein salme av David.


Hos Herren søkjer eg tilflukt.

Korleis kan de seia til meg:

«Fly opp i fjellet som ein fugl!

2 For sjå, dei lovlause spenner bogen

og legg si pil på strengen;

i mørkret vil dei skyta på dei ærlege av hjartet.

3 Når grunnvollane blir rivne bort,

kva kan den rettferdige gjera?»


4  Herren er i sitt heilage tempel,

Herren har si trone i himmelen.

Auga hans ser,

han prøver menneska med sitt blikk.

5  Herren prøver rettferdige og urettferdige,

han hatar dei som elskar vald.


6 Over dei urettferdige lèt han det regna gloande kol og svovel,

gloheit vind får dei i sitt beger.

7 Rettferdig er Herren,

han elskar rettferdige gjerningar.

Dei ærlege får sjå hans andlet.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.