Gå til forsiden

Salmane

129 

1 Ein song til festreisene.


Hardt har dei plaga meg heilt frå min ungdom,

skal Israel seia,

2 hardt har dei plaga meg heilt frå min ungdom,

men dei har ikkje vunne over meg.

3 På ryggen min har plogmenn pløgd

og drege lange fòrer.

4 Men Herren er rettferdig,

reipa til dei urettferdige har han hogge av.


5 Måtte alle som hatar Sion,

dra seg tilbake med skam!

6 Måtte dei bli lik gras på taket,

som visnar før ein får slege det.

7 Den som haustar det, får ikkje handa full,

den som samlar, får ikkje fanget fylt,

8 dei som fer framom, seier ikkje:

Herrens velsigning vere over dykk!

Vi velsignar dykk i Herrens namn!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.