Gå til forsiden

Salmane

25 

1 Av David.


Alef

א

Herre, eg lyfter mi sjel til deg.


Bet

ב

2 Min Gud, til deg set eg mi lit.

Lat meg ikkje bli til skamme,

lat ikkje fienden fryda seg over meg!


Gimel

ג

3 For ingen som set si von til deg, skal bli til skamme,

til skamme blir dei trulause, med sine tomme hender.


Dalet

ד

4  Herre, lat meg kjenna dine vegar.

Lær meg dine stigar!


He

ה

5 Lat meg få vandra i di sanning,

lær meg, for du er Gud, min frelsar!

Til deg set eg alltid mi von.


Zajin

ז

6  Herre, kom i hug di miskunn og din kjærleik,

som er frå evig tid.


Het

ח

7 Kom ikkje i hug min ungdoms feilsteg og synder!

Kom meg i hug i di miskunn, Herre, for du er god.


Tet

ט

8  Herren er god og rettvis,

difor viser han syndarar vegen.


Jod

י

9 Han lèt dei hjelpelause ferdast rett

og lærer dei sin veg.


Kaf

כ

10 Alle Herrens stigar er miskunn og truskap

mot dei som held hans pakt og hans bod.


Lamed

ל

11 For ditt namn skuld, Herre,

tilgjev mi synd, for ho er stor!


Mem

מ

12 Kvar den som fryktar Herren,

lærer av han den veg han skal velja.


Nun

נ

13 Sjølv skal han leva i lukke,

og ætta hans skal arva landet.


Samek

ס

14  Herren talar fortruleg med dei som fryktar han,

han gjer dei kjende med si pakt.


Ajin

ע

15 Mine auge er alltid vende mot Herren,

for han dreg mine føter ut or garnet.


Pe

פ

16 Vend deg til meg og ver meg nådig,

for eg er einsam og hjelpelaus.


Tsade

צ

17 Ta bort det som tyngjer mitt hjarte,

før meg ut av mine trengsler!


18 Sjå mi naud og mitt strev

og tilgjev all mi synd!


Resj

ר

19 Sjå mine fiendar, kor mange dei er!

Dei hatar meg med eit nådelaust hat.


Sjin

ש

20 Vern mitt liv og berg meg,

lat meg ikkje bli til skamme,

for eg søkjer tilflukt hos deg.


Taw

ת

21 Lat uskuld og rettsinn verna meg,

for eg set mi von til deg!


22 Gud, fri Israel ut

frå alle deira trengsler!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.