Gå til forsiden

Salmane

63 

1 Ein salme av David, då han var i Juda-ørkenen.


2 Gud, du er min Gud, som eg søkjer.

Mi sjel tørstar etter deg,

min kropp lengtar etter deg

i eit vasslaust, tørt og utarma land.

3 I heilagdomen skoda eg deg,

eg såg di makt og din herlegdom.

4 For di miskunn er betre enn livet.

Leppene mine skal syngja din pris.

5 Slik vil eg velsigna deg heile mitt liv

og lyfta hendene i ditt namn.


6 Eg blir metta som med feite retter,

med jublande lepper prisar eg deg.

7 Eg tenkjer på deg der eg ligg og kviler,

og grundar på deg gjennom natta.

8 For du har vore ei hjelp for meg,

eg jublar i skuggen av dine venger.


9 Eg held fast ved deg,

di høgre hand grip tak i meg.

10 Men det går ille med dei

som står meg etter livet,

dei skal fara ned i jordedjupet.


11 Dei skal gjevast over til sverdet

og bli til rov for sjakalar.

12 Men kongen skal gleda seg i Gud.

Alle som sver ved han, kan vera stolte,

for løgnarmunnen blir stoppa.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.