Gå til forsiden

Salmane

Tredje boka

Sal Salme 73–8973

1 Ein salme av Asaf.


Sanneleg, Gud er god mot Israel,

mot dei som er reine av hjartet.


2 Men eg var nær ved å snubla,

foten heldt på å gli ut.

3 For eg var misunneleg på dei hovmodige,

eg såg at det gjekk dei urettferdige vel.


4 Dei er utan plager til sin død,

magen er god og mett.

5 Dei lid ikkje som andre menneske,

dei blir ikkje plaga som andre folk.


6 Difor er hovmod deira halskjede,

dei er kledde i ei drakt av vald.

7 Synda deira kjem av velstand,

hjartans tankar fløymer over.


8 Dei spottar, dei talar i vondskap,

ovanfrå trugar dei med vald.

9 Dei lyfter munnen mot himmelen,

og tunga fer omkring på jorda.


10 Difor vender folk seg til dei

og syg i seg deira ord.

11 Dei seier: «Korleis skulle Gud vita om det?

Har Den høgste kjennskap til noko?»

12 Slik er dei urettferdige,

støtt er dei trygge og aukar sin rikdom.


13 Fåfengt har eg halde hjartet reint

og vaska hendene i uskuld.

14 For eg vart plaga heile dagen,

tala til rette kvar morgon.


15 Hadde eg sagt: «Slik vil eg tala»,

då hadde eg svike dine born.

16 Så tenkte eg etter, ville skjøna dette.

Det var pinefullt å sjå,

17 heilt til eg gjekk inn i Guds heilagdom;

då skjøna eg kva framtid dei får.

18 Ja, du fører dei ut på glatte vegar,

du får dei til å falla og bli knuste.


19 Brått går dei til grunne,

det er slutt, dei endar i redsle.

20 Dei er som ein draum når ein vaknar.

Du foraktar synet av dei

når du reiser deg, Herre.


21 Så lenge eg var beisk i hjartet

og det stakk i nyrene,

22 var eg dum og visste ingen ting,

som eit fe var eg mot deg.


23 Men eg blir alltid verande hos deg,

du har gripe mi høgre hand.

24 Du leier meg med ditt råd,

og sidan tek du imot meg i herlegdom.


25 Kven har eg elles i himmelen?

Når eg er hos deg, har eg ikkje glede i noko på jorda.

26 Om kropp og hjarte forgår,

er Gud for evig mitt hjartans berg og min del.


27 Dei som held seg borte frå deg, går til grunne,

du gjer ende på alle som er utrue mot deg.

28 Men for meg er det godt å vera nær Gud.

Eg har teke mi tilflukt til Herren Gud.

Eg vil fortelja om alle dine gjerningar.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.