Gå til forsiden

Salmane

79 

1 Ein salme av Asaf.


Gud, folka har trengt seg inn på din eigedom.

Dei har gjort ditt heilage tempel ureint

og lagt Jerusalem i røys.

2 Lika av tenarane dine har dei gjeve

til føde for himmelens fuglar

og kjøtet av dine trugne

til villdyra på jorda.

3 Dei har aust ut blodet deira som vatn

omkring Jerusalem,

og det er ingen som gravlegg dei.

4 Vi har vorte til hån for grannane,

til spott for dei som bur omkring oss.


5 Kor lenge, Herre?

Vil du vera harm for alltid?

Kor lenge skal din lidenskap brenna som eld?

6 Aus vreiden ut

over folkeslag som ikkje kjenner deg,

over kongerike som ikkje kallar på ditt namn.

7 For dei har slukt Jakob

og lagt hans bustad i øyde.


8 Tilrekna oss ikkje gamle synder!

Skund deg, lat di medkjensle møta oss!

For vi er langt nede.

9 Hjelp oss, Gud, vår frelsar,

så namnet ditt blir æra!

Fri oss ut og tilgjev våre synder

for ditt namn skuld.

10 Kvifor skal folka seia:

«Kvar er deira Gud?»

Lat våre auge sjå og folka kjenna

at du hemnar blodet frå dine tenarar.

11 Lat sukket frå fangane nå deg;

din arm er sterk,

spar dei som skulle døy!

12 Herre, gjev grannane våre tilbake i fanget

sju gonger den spotten dei rette mot deg.

13 Men vi er ditt folk, den flokken du gjeter.

Vi vil lova deg til evig tid,

lovprisa deg frå slekt til slekt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.