Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Johannes’ openberring

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Draken og dei to dyra
13Og eg såg eit dyr stiga opp av havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ti kroner på horna. På hovuda stod namn som var ein spott mot Gud.  2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og si trone og stor makt.  3 Eitt av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men det dødelege såret vart lækt.
        Heile verda undra seg over dyret og følgde det.
 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»
   
 5 Det vart gjeve dyret ein munn som kunne tala store og spottande ord, og det fekk makt til å halda på i 42 månader.  6 Då opna det munnen for å spotta Gud, og det tok til å håna namnet hans og bustaden hans og dei som bur i himmelen.  7 Det fekk lov til å føra krig mot dei heilage og vinna over dei, og det fekk makt over alle stammar og folk, tungemål og folkeslag.  8 Og alle som bur på jorda, skal tilbe dyret, alle som heilt frå verda vart grunnlagd, ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok hos Lammet som vart slakta.
   
 9 Den som har øyre, høyr!
          
   
10  Den som skal i fangenskap, må gå i fangenskap.
           Den som skal drepast med sverd, må døy for sverd.
Her må dei heilage halda ut og ha tru.
   
11 Og eg såg eit anna dyr stiga opp av jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake. 12 All den makt det første dyret har, bruker det andre dyret i teneste for det første. Det får heile jorda og dei som bur der, til å tilbe det første dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store teikn, så det endå lèt eld frå himmelen fara ned på jorda midt for auga på folk. 14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att.
   
15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å få drepe alle dei som ikkje ville tilbe biletet av dyret. 16 Dyret tvingar alle, små og store, rike og fattige, frie og slavar, til å ha eit merke på høgre handa eller på panna. 17 Og ingen kan kjøpa eller selja noko utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet.
   
18 Her gjeld det å ha visdom. Lat den som har forstand, rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet er 666.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

27. juni 2022

Dagens bibelord

Johannes 16,25–33

Les i nettbibelen

25Dette har jeg sagt dere i lignelser. Det kommer en tid da jeg ikke skal tale i bilder, men åpent og rett fram fortelle dere om Far. 26Den dagen skal dere be i mitt navn, jeg trenger ikke spørre Far for dere da. ... Vis hele teksten

25Dette har jeg sagt dere i lignelser. Det kommer en tid da jeg ikke skal tale i bilder, men åpent og rett fram fortelle dere om Far. 26Den dagen skal dere be i mitt navn, jeg trenger ikke spørre Far for dere da. 27For Far selv elsker dere fordi dere har elsket meg og trodd at jeg er kommet fra Gud. 28Jeg er utgått fra Far og er kommet til verden. Jeg forlater verden igjen og går til Far.» 29Disiplene hans sier: «Nå taler du rett fram og ikke i bilder. 30Nå forstår vi at du vet alt og ikke trenger at noen spør deg. Derfor tror vi at du er kommet fra Gud.» 31Jesus svarte: «Tror dere nå? 32Det kommer en time, ja, den er nå, da dere skal bli spredt og gå hver til sitt og la meg bli igjen alene. Likevel er jeg ikke alene, for Far er med meg. 33Dette har jeg sagt dere for at dere skal ha fred i meg. I verden har dere trengsler. Men vær frimodige, jeg har seiret over verden!»