Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Johannes’ openberring

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22

< Forrige kapittelNeste kapittel >

BREV TIL DEI SJU FORSAMLINGANE (Kap. 2–3)
Til Efesos
2    Skriv til engelen for forsamlinga i Efesos:
        Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-lysestakane:
 2 Eg veit om gjerningane dine: Du har streva, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvd dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er løgnarar.  3 Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje trøytna.
   
 4 Men dette har eg imot deg: Du har gjeve opp din første kjærleik.  5 Kom i hug kvar du stod før du fall. Vend om og gjer dei gjerningane du gjorde før! Elles kjem eg til deg og tek lysestaken din bort – om du ikkje vender om.  6 Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane til nikolaittane, slik eg sjølv gjer.
   
 7 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.
Til Smyrna
 8 Skriv til engelen for forsamlinga i Smyrna:
        Dette seier den første og den siste, han som var død og har vorte levande:
 9 Eg veit om trengslene du må lida, og kor fattig du er – men du er rik. Eg veit òg at du blir spotta av dei som kallar seg jødar, men ikkje er det, for dei er Satans synagoge. 10 Ver ikkje redd for det du skal lida! Djevelen kjem til å kasta nokre av dykk i fengsel for at de skal setjast på prøve, og de skal lida vondt i ti dagar. Ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens sigerskrans!
   
11 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, skal ikkje skadast av den andre døden.
Til Pergamon
12 Skriv til engelen for forsamlinga i Pergamon:
        Dette seier han som har det kvasse, tvieggja sverdet:
13 Eg veit kvar du bur, der Satan har trona si. Likevel held du fast på mitt namn. Og du har ikkje fornekta trua på meg, ikkje eingong i dei dagane då Antipas, mitt trufaste vitne, vart drepen i byen dykkar, der Satan bur.
   
14 Men noko har eg imot deg: Du har nokre hos deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak å setja ei felle for Israelsfolket, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor. 15 Så har du òg nokre hos deg av same slaget, dei som held seg til det nikolaittane lærer. 16 Vend om! Elles kjem eg snart til deg og vil kjempa mot dei med sverdet som går ut frå min munn.
   
17 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!
        Den som sigrar, vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, og på steinen er det skrive eit nytt namn som ingen kjenner utan den som får det.

Til Tyatira
18 Skriv til engelen for forsamlinga i Tyatira:
        Dette seier Guds Son, han som har auge som logande eld og føter som bronse:
19 Eg veit om gjerningane dine, kjærleiken din og trua di, tenesta di og tolmodet ditt. Ja, dei siste gjerningane dine overgår dei første!
   
20 Men dette har eg imot deg: Du toler denne kvinna Jesabel, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer. 21 Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeri. 22 Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, kastar eg ut i stor naud om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar, 23 og borna hennar vil eg drepa med pest. Slik skal alle forsamlingane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarte, og som løner kvar og ein av dykk etter det de har gjort. 24 Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje følgjer denne læra og ikkje har «kjent Satans avgrunnar», som dei kallar det, til dykk seier eg: Eg legg inga ny bør på dykk. 25 Hald berre fast på det de har, heilt til eg kjem.
   
26 Den som sigrar og heilt til det siste held seg til mine gjerningar, skal eg gje makt over folkeslaga.
          
   
27  Han skal styra dei med jernstav,
           som leirkar skal dei knusast.
28 Ei slik makt har eg fått av Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna.
   
29 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!
< Forrige kapittelNeste kapittel >

27. juni 2022

Dagens bibelord

Johannes 16,25–33

Les i nettbibelen

25Dette har jeg sagt dere i lignelser. Det kommer en tid da jeg ikke skal tale i bilder, men åpent og rett fram fortelle dere om Far. 26Den dagen skal dere be i mitt navn, jeg trenger ikke spørre Far for dere da. ... Vis hele teksten

25Dette har jeg sagt dere i lignelser. Det kommer en tid da jeg ikke skal tale i bilder, men åpent og rett fram fortelle dere om Far. 26Den dagen skal dere be i mitt navn, jeg trenger ikke spørre Far for dere da. 27For Far selv elsker dere fordi dere har elsket meg og trodd at jeg er kommet fra Gud. 28Jeg er utgått fra Far og er kommet til verden. Jeg forlater verden igjen og går til Far.» 29Disiplene hans sier: «Nå taler du rett fram og ikke i bilder. 30Nå forstår vi at du vet alt og ikke trenger at noen spør deg. Derfor tror vi at du er kommet fra Gud.» 31Jesus svarte: «Tror dere nå? 32Det kommer en time, ja, den er nå, da dere skal bli spredt og gå hver til sitt og la meg bli igjen alene. Likevel er jeg ikke alene, for Far er med meg. 33Dette har jeg sagt dere for at dere skal ha fred i meg. I verden har dere trengsler. Men vær frimodige, jeg har seiret over verden!»