Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Johannes’ openberring

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Den nye himmelen og den nye jorda
21Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir.  2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom.  3 Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa:
          «Sjå, Guds bustad er hos menneska.
           Han skal bu hos dei,
           og dei skal vera hans folk,
          og Gud sjølv skal vera hos dei.
           Han skal vera deira Gud.
          
   
 4  Han skal tørka kvar tåre frå auga deira,
          og døden skal ikkje vera meir,
          og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.
          For det som ein gong var, er borte.»
 5 Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.»  6 Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tørste å drikka av kjelda med livsens vatn som gåve.  7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.  8 Men dei som er feige og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle løgnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»
Det nye Jerusalem
 9 Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, fylte med dei sju siste plagene, kom og sa til meg: «Kom, så skal eg visa deg brura som Lammet har teke til ekte.» 10 I ånda førte han meg opp på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen, Jerusalem, som kom ned frå himmelen, frå Gud. 11 Byen hadde Guds herlegdom og stråla som den dyraste edelstein, som krystallklår jaspis. 12 Byen hadde ein stor og høg mur med tolv portar, og ved dei stod det tolv englar. På portane var det skrive namn, det var namna på dei tolv stammane til Israelsfolket. 13 Tre portar vende mot aust, tre mot nord, tre mot sør og tre mot vest. 14 Bymuren hadde tolv grunnsteinar, og på dei var det skrive tolv namn, det var namna på dei tolv apostlane til Lammet.
   
15 Han som tala med meg, hadde ei målestong av gull. Med den skulle han måla både byen og portane og muren. 16 Byen var bygd som ein firkant, like lang som brei. Og engelen målte byen med målestonga: Han var 12 000 stadiar lang og like brei og høg. 17 Så målte han bymuren: Han var 144 alner høg etter menneskemål, som òg er englemål. 18 Muren var bygd av jaspis, og sjølve byen var av reint gull, lik det klåraste glas. 19 Grunnsteinane i bymuren var prydde med edelsteinar av alle slag. Den første grunnsteinen var av jaspis, den andre av safir, den tredje av kalsedon, den fjerde av smaragd, 20 den femte av sardonyks, den sjette av karneol, den sjuande av krysolitt, den åttande av beryll, den niande av topas, den tiande av krysopras, den ellevte av hyasint, den tolvte av ametyst. 21 Dei tolv portane var tolv perler; kvar port var laga av ei einaste perle. Gata gjennom byen var av reint gull, klår som glas.
   
22 Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Herren Gud, Den allmektige, og Lammet er tempel der. 23 Og byen treng ikkje lys frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er lyset hans. 24 Folkeslaga skal vandra i lyset frå byen, og kongane på jorda skal koma dit med alle rikdomane sine. 25 Byportane skal aldri stengjast etter dagen, for natt skal ikkje vera der. 26 Og alt det verdfulle og herlege som folka eig, skal dei føra inn i byen. 27 Men noko ureint skal aldri koma inn i han, ingen som gjer motbydelege ting eller fer med løgn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hos Lammet.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

27. juni 2022

Dagens bibelord

Johannes 16,25–33

Les i nettbibelen

25Dette har jeg sagt dere i lignelser. Det kommer en tid da jeg ikke skal tale i bilder, men åpent og rett fram fortelle dere om Far. 26Den dagen skal dere be i mitt navn, jeg trenger ikke spørre Far for dere da. ... Vis hele teksten

25Dette har jeg sagt dere i lignelser. Det kommer en tid da jeg ikke skal tale i bilder, men åpent og rett fram fortelle dere om Far. 26Den dagen skal dere be i mitt navn, jeg trenger ikke spørre Far for dere da. 27For Far selv elsker dere fordi dere har elsket meg og trodd at jeg er kommet fra Gud. 28Jeg er utgått fra Far og er kommet til verden. Jeg forlater verden igjen og går til Far.» 29Disiplene hans sier: «Nå taler du rett fram og ikke i bilder. 30Nå forstår vi at du vet alt og ikke trenger at noen spør deg. Derfor tror vi at du er kommet fra Gud.» 31Jesus svarte: «Tror dere nå? 32Det kommer en time, ja, den er nå, da dere skal bli spredt og gå hver til sitt og la meg bli igjen alene. Likevel er jeg ikke alene, for Far er med meg. 33Dette har jeg sagt dere for at dere skal ha fred i meg. I verden har dere trengsler. Men vær frimodige, jeg har seiret over verden!»