Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Sirak

27 

1  For vinning skuld har mange synda,

den som vil bli rik, vender auga vekk.

2 I fuga mellom steinar blir kilen fest,

mellom kjøp og sal gnir synda seg inn.

3 Den som ikkje held fast på frykta for Herren,

vil brått og uventa sjå huset sitt styrta saman.

Ord kan røpa tankar

4 Når såldet blir rista, blir skiten att;

slik blir smusset i eit menneske synleg når det seier kva det tenkjer.

5 Karet til pottemakaren blir prøvd i omnen,

eit menneske blir prøvd når du samtalar med det.

6  Frukta på treet syner kvar det har vakse,

slik røper talen til eit menneske kva hjartet tenkjer.

7 Før du har høyrt kva ein mann har i tankane,

skal du aldri rosa ein mann,

for slik skal menneske prøvast.


8 Jagar du etter det som er rett, skal du lukkast,

du kan kle deg i det som i ei strålande kappe.

9 Fuglane slår seg ned mellom sine like,

og sanninga vender tilbake til dei som tener henne.

10  Løva ligg på lur etter byttet,

slik lurer synda på dei som gjer urett.


11 Talen til den gudfryktige er alltid vis,

men den ukloke er foranderleg som månen.

12 Mellom uforstandige skal du passa tida,

mellom forstandige skal du bli lenge.

13 Tale frå toskar krenkjer,

dei flirer av synd og skamløyse.

14 Dei bannar og sver

så håret reiser seg på ein.

Kjem dei i krangel,

så hald for øyra!

15 Blodet flyt,

overmodige slåst;

dei støytande orda deira er ei liding å høyra på.

Røp ikkje løyndomar!

16 Den som røper løyndomar, mistar tillit

og får aldri ein fortruleg ven.

17  Hald av venen din og ver trufast mot han.

Men har du røpt løyndomane hans,

så prøv ikkje å nå fram til han att.

18 For slik eit menneske øydelegg sin fiende,

har du øydelagt venskapen med nesten din.

19 Som når du lèt ein fugl fly ut av handa,

har du late din neste fara og kan ikkje vinna han tilbake.

20 Følg ikkje etter han, for han er langt borte;

han har flykta som ein gasell frå snara.

21  For sår kan forbindast,

etter skjellsord kan det bli forlik,

men den som har røpt løyndomar, er utan håp.

Hykleri og overmot

22  Den som blunkar med auget, har vondt i sinne,

den som ser han, held seg borte frå han.

23  Står han framfor auga på deg, er talen søt til randa,

og han fell i undring over det du seier.

Men sidan får røysta ein annan klang,

og han set snarer for deg med dine eigne ord.

24 Det er mykje eg hatar,

men ingenting som han

– også Herren hatar han.

25 Den som kastar ein stein i vêret,

får han i hovudet;

eit svikefullt slag sårar også svikaren.

26  Den som grev ei grav, fell ned i henne;

den som set opp ei snare, blir fanga i henne.

27 Det vonde veltar tilbake over den som har gjort det,

og han skjønar ikkje kvar det kjem frå.

28 Frå dei overmodige kjem spott og hån,

men hemnen ligg på lur etter dei

som ei løve.

29 Dei som gleder seg når gudfryktige fell,

blir fanga i snara

og blir fortærte av smerte før dei døyr.

Tilgje nesten din

30 Hemntørst og vreide, alt slikt er avskyeleg,

berre syndaren held fast på dei.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.