Gå til forsiden

Tobit

3

Tobit bed

1  Eg vart fylt av sorg i sinnet, eg stønna og gret. Så byrja eg be med djupe stønn:

2  «Rettferdig er du, Herre,

alle dine gjerningar er rettferdige,

alle dine vegar er miskunn og sanning.

Du er den som dømmer verda.

3  Og no, Herre, hugs på meg og sjå meg!

Døm meg ikkje for dei syndene,

og for dei feilstega i vanvare,

som eg og fedrane har gjort;

dei synda mot deg,

4  eg braut dine bod,

og du overgav oss

til plyndring, fangenskap og død.

Du gjorde oss til ein vits, ein spøk, eit hånsord

for alle folkeslag som du spreidde oss mellom.

5 No har dine mange dommar vorte sanne,

dei du lèt meg bli råka av

på grunn av mine synder.

For vi heldt ikkje boda dine

og vandra ikkje i sanning for ditt andlet.

6  Gjer no med meg som du tykkjer er best.

Byd at pusten blir teken frå meg

så eg blir teken bort frå jordoverflata

og blir til jord.

For det er betre for meg å døy enn å leva.

Eg har måtta høyra på løgnaktig hån

og er fylt av djup sorg.

Herre, byd at eg skal bli fria ut

frå denne nauda.

Set meg fri, så eg kan gå til den evige staden

og vend ikkje ditt andlet bort frå meg, Herre.

For det er betre for meg å døy

enn å sjå så mykje naud her i livet,

då slepp eg å lytta til hån.»

Sara sørgjer og klagar

7 Same dagen måtte òg Sara, dotter til Raguel i Ekbatana i Media, lytta til hån. Det var ei av slavejentene til far hennar som hånte henne. 8 For Sara var gjeven bort til sju menn, men den vonde ånda Asmodaios hadde drepe dei alle før dei hadde vore saman med henne på den måten ein er i lag med kvinner. Slavejenta sa til henne: «Det er du som har teke livet av mennene dine. Du vart gjeven bort til sju menn, og du ber ikkje namnet etter ein einaste ein av dei! 9  Kvifor må du plaga oss fordi mennene dine er døde? Gå same veg som dei! Måtte vi aldri i æva få sjå ein son eller ei dotter etter deg!»

10  Denne dagen vart Sara fylt av sorg i sinnet. Ho gret og gjekk opp på loftsrommet i huset til far sin for å hengja seg. Men så tenkte ho seg om og sa: «Nei, folk vil håna den gamle far min og seia til han: Ei einaste dotter hadde du, og henne elska du, men på grunn av alt det vonde som råka henne, hengde ho seg. Då ville eg ha sendt den gamle far min med sorg til dødsriket. Det er betre at eg ikkje hengjer meg, men bed Herren om å få døy, så eg får sleppa meir hån her i livet.»

Sara bed

11 I same augneblinken strekte Sara armane ut mot vindauget og bad med desse orda:

«Velsigna er du, miskunnsame Gud,

velsigna er namnet ditt i all æve!

Lat alle dine gjerningar vera velsigna til evig tid!

12 No er det mot deg eg vender mitt andlet og mine auge.

13 Sei at eg skal takast bort frå jorda

så eg ikkje lenger må høyra hånsord.

14 For du veit, herskar, at eg er rein,

eg har ikkje vorte urein ved nokon mann,

15  og eg har aldri skitna til

korkje mitt eige namn eller namnet til far min

i dette landet der eg lever i fangenskap.

Eg er den einaste far min har fått,

han har ikkje noko anna barn

som kan arva han.

Han har heller ingen bror,

eller nokon annan nær slektning,

som gjer at eg skuldar

å bli kona til ein annan.

Eg har allereie mista sju,

kvifor skulle eg halda fram med å leva?

Men om du ikkje vil drepa meg, Herre,

så høyr no korleis eg blir håna.»

Gud høyrer

16  I same augneblinken vart både Tobits og Saras bøner høyrde i Guds herlegdom, 17  og Rafael vart send ned for å lækja begge to. Han skulle ta bort dei kvite flekkene frå auga til Tobit, så auga hans kunne sjå Guds lys. Sara, dotter til Raguel, skulle han gje til Tobias, son til Tobit, og den vonde ånda Asmodaion skulle han venda bort frå henne. For det var gjeve Tobias å få henne i staden for alle dei andre som ville ta henne til ekte. Samtidig som Tobit gjekk frå gardsplassen og inn i huset sitt, gjekk Sara, dotter til Raguel, ned frå loftsrommet.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.