Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Sakarja

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Jerusalem, kringsett og utfria
12Ein bodskap, Herrens ord om Israel.
        
Herren, som spente ut himmelen, grunnla jorda og skapte ånda i mennesket, seier:
 2 Sjå, eg gjer Jerusalem til eit giftbeger for alle folka rundt omkring. Også Juda blir ramma når Jerusalem blir kringsett.  3 Den dagen gjer eg Jerusalem til ein tung stein å lyfta for alle folk. Alle som prøver å lyfta han, skal riva seg til blods. Men alle folkeslag på jorda skal samla seg mot henne.
   
 4 Den dagen, seier Herren, slår eg alle hestane med forvirring og ryttarane med galskap. Men eg vil la auga mine vaka over Judas hus og slå alle hestane til folka med blindskap.  5 Då skal hovdingane i Juda seia i hjartet: «Dei som bur i Jerusalem, er sterke i sin Gud, Herren over hærskarane.»
   
 6 Den dagen gjer eg hovdingane i Juda lik eit fyrfat i ein vedhaug og lik ein brennande fakkel mellom kornband. Dei skal øyda, til høgre og til venstre, alle folka omkring. Men folket i Jerusalem skal framleis få bu i Jerusalem.  7 Herren vil først berga telta til Juda, så ikkje Davids hus og dei som bur i Jerusalem, får større heider enn Juda.  8 Den dagen skal Herren vera skjold for dei som bur i Jerusalem. Den som snublar den dagen, skal vera som David, og Davids hus som ein gud, som Herrens engel framfor dei.
   
 9 Den dagen aktar eg å utrydda alle dei folkeslag som kjem mot Jerusalem. 10 Men over Davids hus og dei som bur i Jerusalem, auser eg ut ei nåde- og bøneånd. Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge. Dei skal klaga over han liksom ein klagar over einaste sonen, og sørgja sårt over han liksom ein sørgjer over den førstefødde.
   
11 Den dagen skal klaga i Jerusalem vera like stor som klaga over Hadad-Rimmon i Megiddo-dalen. 12 Landet skal halda klage, kvar slekt for seg:
          Davids hus for seg og kvinnene deira for seg,
          Natans hus for seg og kvinnene deira for seg,
          
   
13 Levis hus for seg og kvinnene deira for seg,
          Sjimis hus for seg og kvinnene deira for seg,
          
   
14 alle dei andre slektene kvar for seg
          og kvinnene deira for seg.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

28. juni 2022

Dagens bibelord

1. Korinter 9,24–27

Les i nettbibelen

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. ... Vis hele teksten

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. 26Jeg løper derfor ikke uten å ha et mål. Jeg er heller ikke lik en nevekjemper som slår i løse luften. 27Nei, jeg kjemper mot meg selv og tvinger kroppen til å lystre, for at ikke jeg som har forkynt for andre, selv skal komme til kort.