Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Nehemja

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13

Neste kapittel

Nehemja bed for folket sitt
1Ord av Nehemja, son til Hakalja.
        Det var i månaden kislev i det tjuande året, medan eg var i borga Susa.
 2 Då kom Hanani, ein av brørne mine, og nokre menn frå Juda. Eg spurde dei ut om dei judearane som hadde sloppe unna fangenskapet, og om Jerusalem.  3 Dei svara: «Dei som har sloppe unna fangenskapet der i provinsen, er i stor ulukke og vanære. Muren kring Jerusalem er nedbroten, og portane er brende.»  4 Då eg høyrde dette, sette eg meg ned og gret. Eg sørgde i fleire dagar. Eg fasta og bad til himmelens Gud.
   
 5 Eg sa: Å, Herre, himmelens Gud, du store og skremmande Gud, som held pakta og viser kjærleik mot alle som elskar deg og held dine bod!  6 Lat øyret ditt lytta og auga dine vera opne så du høyrer din tenars bøn som eg bed til deg no, både dag og natt, for israelittane, dine tenarar. Eg sannar syndene som vi israelittar har gjort mot deg. Eg og farshuset mitt har òg synda.  7 Vi har handla ille mot deg og ikkje halde dei bod, forskrifter og lover som du gav Moses, tenaren din.  8 Hugs det du påla Moses, tenaren din: «Er de trulause, vil eg spreia dykk mellom folka.  9 Men vender de om til meg og held boda mine og lever etter dei, om de så er drivne bort der himmelen endar, skal eg samla dykk og føra dykk til den staden eg har valt til bustad for namnet mitt.» 10 Dei er tenarane dine og folket ditt, som du har fria ut med di store kraft og sterke hand. 11 Å, Herre, lat øyret ditt lytta til bønene frå tenaren din og frå tenarane dine som gjerne vil frykta ditt namn. Lat tenaren din lukkast i dag, lat han møta miskunn hos denne mannen!
        Eg var kongens munnskjenk då dette hende.
Neh 1,1 viser til Neh 2,1
Note: i det tjuande året: medan Artaxerxes 1. var konge (465–424 f.Kr.), dvs. i år 445 f.Kr. Susa: by i Elam, hovudstad i Persarriket.
Neh 1,5 viser til 2 Mos 20,5f+
Neste kapittel

25. oktober 2021

Dagens Bibelord

Salmane 119,105–109

Les i nettbibelen

105נ Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig. 106Eg har svore, og det står eg ved, at eg vil halda dine rettferdige lover. 107Eg er djupt nedbøygd. Herre, gjev meg liv slik du har sagt! 108Herre, ta imot gåva frå min munn og lær meg dine lover! ... Vis hele teksten

105נ Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig. 106Eg har svore, og det står eg ved, at eg vil halda dine rettferdige lover. 107Eg er djupt nedbøygd. Herre, gjev meg liv slik du har sagt! 108Herre, ta imot gåva frå min munn og lær meg dine lover! 109Eg går alltid med livet i hendene, men gløymer ikkje di lov.