Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Brevet til hebrearane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13

Neste kapittel

Gud har tala gjennom Sonen
1Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane.  2 Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda.  3 Han er utstrålinga av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.  4 Slik vart han mykje større enn englane, for det namnet han har fått i arv, er så mykje større enn deira.
Sonen står over englane
 5 For aldri har Gud sagt til nokon engel:
           Du er Son min,
           eg har fødd deg i dag.
Eller, som det òg står:
           Eg vil vera far for han,
           og han skal vera son for meg.
 6 Og når han på nytt fører den førstefødde inn i verda, seier han:
           Alle Guds englar skal tilbe han.
 7 Og om englane seier han:
           Han gjer englane sine til vindar,
           tenarane sine til logande eld.
 8 Men om Sonen:
           Din kongsstol, Gud, står til evig tid,
           din herskarstav er rettferds stav.
          
   
 9  Du har elska rettferd og hata urett.
           Difor har Gud, din Gud, salva deg og ikkje dine vener
           med gledes olje.
10 Og vidare:
           Du, Herre, grunnla i opphavet jorda,
           og himmelen er eit verk av dine hender.
          
   
11  Dei skal gå til grunne, men du blir verande.
           Dei skal alle eldast som klede.
          
   
12  Du rullar dei saman som ei kappe,
           dei blir utskifte som klede.
           Men du er den same,
           åra dine tek aldri slutt.
13 Men har han nokon gong sagt til ein av englane:
           Set deg ved mi høgre hand
           til eg får lagt dine fiendar
           som skammel for dine føter?
14 Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og blir utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa i arv?
Hebr 1,4 viser til Fil 2,9
Hebr 1,6 viser til Sal 97,7
Note: Alle Guds englar skal tilbe han: >5 Mos 32,43.
Hebr 1,7 viser til Sal 104,4
Note: vindar: kan òg omsetjast «ånder». Jf. 1,14. >Joh 3,8.
Hebr 1,8 viser til Sal 45,7f
Note: salva deg: Ved salving vart prestar, profetar og kongar vigde til oppgåvene sine. Messias tyder «Herrens salva» og var opph. ein tittel på kongen i Israel.
Neste kapittel

23. oktober 2021

Dagens Bibelord

Johannes 8,12–14

Les i nettbibelen

12Igjen talte Jesus til folket og sa: «Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys.» 13Fariseerne sa til ham: «Du vitner i egen sak, ditt vitneutsagn er ikke gyldig.» ... Vis hele teksten

12Igjen talte Jesus til folket og sa: «Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys.» 13Fariseerne sa til ham: «Du vitner i egen sak, ditt vitneutsagn er ikke gyldig.» 14Jesus svarte: «Selv om jeg vitner i egen sak, er mitt vitneutsagn gyldig. For jeg vet hvor jeg er kommet fra og hvor jeg går hen. Men dere vet ikke hvor jeg kommer fra og hvor jeg går hen.