Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Obadja

1


Dommen over Edom
1Obadjas syn.
        
          Så seier Herren Gud om Edom:
          Ein bodskap har vi høyrt frå Herren,
          ein bodberar er send til folkeslaga:
          «Opp! Vi går til krig mot Edom!»
          
   
 2 Sjå, eg gjer deg liten mellom folka,
          djupt forakta skal du vera.
          
   
 3 Ditt hovmodige hjarte har narra deg,
          du som bur i fjellkløfter
          og held til høgt der oppe.
          Du seier i hjartet:
          «Kven kan støyta meg til jorda?»
          
   
 4 Om du stig høgt som ørna,
          om du legg reiret ditt mellom stjerner,
          skal eg støyta deg ned derifrå,
          seier Herren.
          
   
 5 Om tjuvar kom til deg,
          om røvarar kom om natta
          – det er ute med deg! –
          tok dei då berre det dei trong.
          Om drueplukkarar kom til deg,
          lèt dei då att ein etterhaust.
          
   
 6 Men Esau blir gjennomsøkt,
          dei løynde skattane hans blir leita opp.
          
   
 7 Alle du var i pakt med,
          driv deg av stad mot grensa.
          Alle du hadde fred med,
          svik deg og sigrar over deg.
          Dei som delte brød med deg,
          set feller for deg:
          «Det finst ikkje vit i han.»
          
   
 8 Den dagen, seier Herren,
          skal eg utsletta dei vise i Edom
          og klokskapen på Esaus fjell.
          
   
 9 Dine krigarar, Teman, blir slegne av skrekk,
          for kvar og ein skal utryddast frå Esaus fjell.
          På grunn av drap
   
10 og vald mot Jakob, bror din,
          skal du dekkjast av skam.
          Du skal utryddast for alltid.
          
   
11 Den dagen du heldt deg borte,
          dagen då framande førte hæren hans bort som fangar,
          då utlendingar gjekk inn gjennom hans portar
          og kasta lodd om Jerusalem,
          då var du som ein av dei.
          
   
12 Sjå ikkje på bror din med fryd
          på lagnadsdagen hans!
          Gled deg ikkje over folket i Juda
          den dagen dei går til grunne!
          Ver ikkje stor i munnen
          den dagen dei er i naud!
          
   
13 Gå ikkje inn gjennom porten til folket mitt
          på ulukkedagen deira!
          Sjå ikkje med glede, du òg,
          på det vonde som råka dei
          på ulukkedagen!
          Grip ikkje etter rikdomen deira
          på ulukkedagen!
          
   
14 Still deg ikkje ved vegskilja
          for å hogga ned flyktningane!
          Utlever ikkje dei overlevande
          den dagen det er naud!
          
   
15 For Herrens dag er nær
          over alle folkeslag.
          Slik du har gjort,
          skal det gjerast mot deg.
          Dine gjerningar kjem att
          over ditt eige hovud.

Israel blir gjenreist
    16 Som de drakk på mitt heilage fjell,
          skal alle folkeslag alltid drikka,
          drikka og svelgja
          og bli som om dei aldri hadde vore til.
          
   
17 Men på Sion-fjellet skal det finnast berging.
          Det skal vera heilagt.
          Jakobs hus skal driva ut dei som dreiv dei ut.
          
   
18 Jakobs hus skal vera ein eld
          og Josefs hus ein loge,
          og Esaus hus skal bli til halm.
          Dei skal brenna dei og fortæra dei,
          ikkje éin frå Esaus hus skal overleva.
           Herren har tala.
          
   
19 Negev skal ta Esaus fjell i eige,
          låglandet skal ta filistarlandet,
          dei skal ta Efraim-landet og Samaria-landet,
          og Benjamin skal ta Gilead i eige.
          
   
20 Dei bortførte, denne hæren av israelittar,
          skal ta det som tilhøyrde kanaanearane, heilt til Sarepta,
          og dei frå Jerusalem som er i eksil i Sefarad,
          skal ta byane i Negev.
          
   
21 Dei som er fria ut, skal gå opp på Sion-fjellet
          og dømma Esaus fjell.
          Og riket skal høyra Herren til.
Ob 1,2 viser til Jer 49,15f
Ob 1,5 viser til Jer 49,9f
Note: Esau: Edom. Esau vart rekna som stamfar til edomittane. Jf. 1 Mos 25,30; 36,1ff.
Note: Teman: område i Edom, ofte nytta om heile landet.
Ob 1,12 viser til Mi 4,11
Ob 1,13 viser til Mi 1,9
Ob 1,16 viser til Sal 75,9, Jer 25,15ff, Jer 49,12
Note: drikka: av Guds vreidevin. Jf. Jer 25,15; Sak 12,2.
Note: Sarepta: by i Fønikia, sør for Sidon. Jf. 1 Kong 17,9. Sefarad: i Spania, eller Sardes i Vesleasia.

28. oktober 2021

Dagens Bibelord

2. Korintar 13,5–10

Les i nettbibelen

5Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve? 6Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve. ... Vis hele teksten

5Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve? 6Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve. 7Vi bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt. Ikkje for å visa at vi har stått vår prøve, men for at de skal gjera det som godt er. Så kan det gjerne sjå ut som om vi ikkje står vår prøve. 8For vi maktar ingen ting mot sanninga, berre for sanninga. 9Difor gleder vi oss når vi er veike, berre de er sterke. Og det vi bed om, er at de må nå fram til stadig større mognad. 10Difor skriv eg dette før eg kjem, så eg ikkje skal bli nøydd til å fara strengt fram mot dykk når eg er komen, og bruka den fullmakta Herren har gjeve meg. For den har eg fått for å byggja opp, ikkje for å riva ned.