Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til romarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Neste kapittel

Helsing
1Paulus, Kristi Jesu tenar, helsar dykk, eg som er kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium,  2 det som Gud på førehand hadde lova gjennom profetane sine i heilage skrifter.  3 Det er evangeliet om hans Son, Jesus Kristus, vår Herre, komen som menneske av Davids ætt  4 og stadfest ved heilagdoms Ande som Guds mektige Son ved oppstoda frå dei døde.  5 Ved han har eg fått nåde og apostelteneste for å føra menneske av alle folkeslag til lydnad i tru, til ære for hans namn.  6 Mellom dei er òg de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til.  7 Eg helsar dykk alle i Roma, de som er elska av Gud, de som vart kalla og er heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Bøn og ønske om å koma til Roma
 8 Først av alt takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, for i heile verda blir det fortalt om trua dykkar.  9 Gud sjølv, som eg av heile mitt hjarte tener med evangeliet om Son hans, er mitt vitne på korleis eg uavlateleg hugsar på dykk i bønene mine. 10 Eg bed alltid om at det endeleg ein gong må lukkast for meg å koma til dykk, om Gud vil. 11 For eg lengtar etter å sjå dykk, så eg kan gje dykk del i ei Andens gåve for å styrkja dykk. 12 Eller rettare: Saman skal vi få nytt mot ved den trua vi deler, dykkar tru og mi.
   
13 Eg vil ikkje at de skal vera uvitande, mine sysken, om at eg mange gonger har sett meg føre å koma til dykk, men eg har vorte hindra heilt til no. For òg hos dykk ville eg gjerne hausta frukt av arbeidet mitt, slik som hos dei andre folka. 14 Grekarar og barbarar, lærde og ulærde – alle står eg i gjeld til. 15 Difor er det eg ønskjer å forkynna evangeliet òg for dykk i Roma.
Evangeliet, Guds kraft til frelse
16 For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar. 17 For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.
Guds dom over heidenskapen
18 Guds vreide blir openberra frå himmelen over alt ugudeleg og all urett hos menneske som held sanninga nede i urett. 19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope framfor dei; Gud har sjølv lagt det ope fram. 20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans heilt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å unnskylda seg med. 21 Dei kjende Gud, men likevel æra og takka dei han ikkje som Gud. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og deira uforstandige hjarte vart formørkte. 22 Dei påstod dei var kloke, men dei enda i dårskap. 23 Dei bytte ut den uforgjengelege Guds herlegdom med bilete av forgjengelege menneske, av fuglar, firføtte dyr og krypdyr.
   
24 Dei følgde lystene i hjartet, difor overgav Gud dei til ureinskap slik at dei vanæra kroppen sin med kvarandre. 25 For dei bytte ut Guds sanning med løgn og dyrka og æra det skapte i staden for Skaparen, han som er velsigna i all æve. Amen! 26 Difor overgav Gud dei til skammelege lyster. Kvinnene deira bytte ut det naturlege samlivet med det som er imot naturen. 27 På same måten heldt mennene opp med det naturlege samlivet med kvinner og tok til å brenna av lyst etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei bar sjølve den straffa som måtte koma for villfaringa.
   
28 Dei brydde seg ikkje om å kjenna Gud, difor overgav Gud dei til ei sviktande dømmekraft, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg. 29 Dei er fulle av allslags urett, umoral og lyst til alltid å eiga meir, av vondskap, misunning og mordlyst, strid, svik og list. Dei fer med sladder 30 og baktale, dei hatar Gud og bruker vald, er hovmodige og skrytande, dei er gode til å finna på vondt og ulydige mot foreldra. 31 Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og utan miskunn. 32 Dei veit kva Guds lov seier, at dei som driv med slikt, fortener å døy. Likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.
Rom 1,1 viser til Apg 9,15, Gal 1,15
Note: apostel: ein utsending med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. Blir oftast brukt om dei 12 læresveinane Jesus valde ut, men òg om somme andre. evangelium: «gledeleg bodskap, godt nytt». Paulus bruker ofte denne nemninga om misjonsforkynninga si. Ordet kan både visa til forkynninga og til innhaldet i bodskapen.
Rom 1,2 viser til Rom 16,25f
Rom 1,4 viser til Apg 13,32f
Rom 1,7 viser til 1 Kor 1,2f, 2 Kor 1,1f
Note: Roma: Hovudstaden i Romarriket med ca. 1 mill. innbyggjarar. ▶byar.
Note: Grekarar og barbarar: heile den ikkje-jødiske verda. >Kol 3,11. ▶ikkje-jødar. Ordet «barbar», gr. barbaros, vart nytta om dei som stod utanfor det gresk-romerske kulturfellesskapet, m.a. ved å snakka språk som var uforståelege. Jf. 1 Kor 14,11.
Rom 1,17 viser til Hab 2,4, Joh 3,36, Rom 3,21f, Gal 3,11
Note: Guds rettferd: eit hovudomgrep i Rom. Kan tyda både at Gud sjølv er rettferdig, og at han gjev rettferd. Sjå særleg 3,21–26.
Rom 1,21 viser til Ef 4,17f
Rom 1,25 viser til Jer 10,10ff, Jer 16,19ff
Note: Amen: hebr. for «det står fast», «det er visst og sant». ▶amen.
Note: ikkje sømer seg: blir følgd av ein lastekatalog, ei opplisting av haldningar og handlingar som strider mot kristen tru og liv. ▶katalogar.
Neste kapittel

27. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 13,22–30

Les i nettbibelen

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: ... Vis hele teksten

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24«Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ 28Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»