Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Hosea

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

Neste kapittel
1Herrens ord som kom til Hosea, son til Beeri, i dei dagane då Ussia, Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda, og i dei dagane då Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel.
Profetens ekteskap og born
 2 Herrens første ord gjennom Hosea. Herren sa til Hosea: «Gå og få deg ei horkvinne og horeborn! For landet horar seg bort frå Herren.»  3 Og han gjekk og tok Gomer, Diblajims dotter, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son.  4 Herren sa til han: «Kall han Jisreel! For om ikkje lenge vil eg straffa Jehus hus for blodbadet i Jisreel og gjera ende på kongedømet i Israel.  5 Og den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisreel-sletta.»
   
 6 Sidan vart ho med barn att og fekk ei dotter. Herren sa til han: «Kall henne Lo Ruhamá, ‘ikkje miskunn’! For eg vil ikkje lenger visa Israels hus miskunn og ikkje tilgje dei.  7 Men Judas hus vil eg visa miskunn. Eg vil frelsa dei ved Herren deira Gud, men eg vil ikkje frelsa dei med boge, sverd og krig, med hestar og ryttarar.»
   
 8 Då ho hadde vant av Lo Ruhamá, vart ho med barn att og fekk ein son.  9 Herren sa: «Kall han Lo Ammí, ‘ikkje mitt folk’! For de er ikkje mitt folk, og eg er ikkje her for dykk.»
        
10 Israels born skal bli mange som havsens sand og ikkje kunna målast og ikkje teljast. Der det før vart sagt til dei: «De er ikkje mitt folk», skal det seiast: «Den levande Guds born». 11 Judas og Israels born skal samla seg og ta seg ein hovding i lag. Dei skal dra opp frå landet. Ja, stor er Jisreels dag.
Hos 1,2 viser til 5 Mos 31,16, Esek 16,15ff
Note: ei horkvinne: Ekteskapet mellom Hosea og Gomer skal vera eit bilete på Herrens kjærleik til det trulause folket sitt. Jf. kap. 3.
Note: Jisreel: Alle borna til profeten får symbolske namn, jf. òg 1,6.9. Namnet Jisreel tyder «Gud sår» og blir nytta symbolsk om det gjenreiste Israel òg, sjå 1,11; 2,22. blodbadet: Jf. 2 Kong 9,14–37.
Hos 1,9 viser til Hos 2,1-23
Note: eg er ikkje her for dykk: Ein kan òg omsetja «eg er ikkje ‘Eg er’ for dykk». Jf. 2 Mos 3,14.
Hos 1,10 viser til 1 Mos 13,16+, Hos 2,23, Rom 9,26
Note: Mange bibelutgåver følgjer den hebr. teksten og reknar 1,10–11 som kap. 2,1–2.
Hos 1,11 viser til Jer 3,18, Esek 37,22, Mi 2,12
Note: Jisreels dag: >v. 4.
Neste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.