Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Hosea

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

Forrige kapittelNeste kapittel

Guds kjærleik til Israel
11Då Israel var ung,
          fekk eg han kjær,
          frå Egypt kalla eg son min.
          
   
 2 Men jo meir eg ropa på dei,
          dess meir gjekk dei bort frå meg.
          Dei ofra til Baal-gudane,
          tende offereld for gudebilete.
          
   
 3 Det var eg som lærte Efraim å gå
          og tok dei på armen.
          Men dei skjøna ikkje at eg gjorde dei friske.
          
   
 4 Eg drog dei med menneskeband,
          med kjærleiks tau.
          Eg var lik ein som lyfter eit spedbarn opp til kinnet,
          eg bøygde meg ned og gav dei mat.
          
   
 5 Dei skal ikkje venda attende til Egypt,
          men Assur skal vera kongen deira,
          for dei nekta å venda om.
          
   
 6 Sverdet skal rasa i byane deira,
          bryta sund bommane og eta om seg
          for deira planar skuld.
          
   
 7 Folket mitt heng fast ved sitt fråfall frå meg.
          Dei ropar saman til han som er i det høge,
          men han reiser dei ikkje opp.
          
   
 8 Korleis kan eg oppgje deg, Efraim,
          overgje deg, Israel?
          Korleis kan eg oppgje deg som Adma,
          gjera med deg som med Sebojim?
          Hjartet vender seg i meg,
          all mi medkjensle vaknar.
          
   
 9 Eg vil ikkje følgja min brennande vreide,
          ikkje øydeleggja Efraim ein gong til.
          For eg er Gud og ikkje eit menneske,
          heilag midt imellom dykk.
          Eg vil ikkje koma med redsle.
          
   
10 Herren skal dei følgja,
          som ei løve skal han brøla.
          Når han brøler, skal borna hans
          koma skjelvande frå vest.
          
   
11 Skjelvande skal dei koma
          som ein fugl frå Egypt,
          som ei due frå Assur.
          Eg vil la dei bu i husa sine,
          seier Herren.
Note: spedbarn: kan òg omsetjast «åk».
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.