Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Hosea

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

Forrige kapittelNeste kapittel

Dommen gjeld dykk
5Høyr dette, de prestar,
          og lytt, du Israels hus,
          du kongehus, vend øyret til!
          Dommen gjeld dykk!
          For de har vorte ei snare for Mispa,
          eit utspent nett på Tabor
          
   
 2 og ei djup fallgrav i Sjittim.
          Men eg vil tukta dei alle.
          
   
 3 Eg kjenner Efraim,
          og Israel er ikkje løynt for meg.
          For no har du drive hor, Efraim,
          Israel har gjort seg urein.
          
   
 4 Gjerningane deira hindrar dei frå
          å venda om til sin Gud.
          For dei har ei horeånd i seg,
          og Herren kjenner dei ikkje.
          
   
 5 Israels hovmod vitnar mot han.
          Israel og Efraim skal snubla i si skuld.
          Juda òg skal snubla med dei.
          
   
 6 Når dei kjem med sitt småfe og storfe
          for å søkja Herren,
          finn dei han ikkje.
          Han har vendt seg bort frå dei.
          
   
 7 Dei har vore trulause mot Herren,
          for dei har fått born som ikkje er hans.
          No skal nymånen eta opp
          både dei og det dei eig.

Herren er som ei løve
     8 Lat hornet gjalla i Gibea,
          blås i trompet i Rama,
          lyft hærrop i Bet-Aven!
          Dei er etter deg, Benjamin!
          
   
 9 Efraim skal leggjast øyde
          den dagen straffa kjem,
          mellom Israels stammar har eg kunngjort
          det som står fast.
          
   
10 Judas stormenn liknar
          slike som flytter grensesteinar,
          over dei vil eg ausa ut
          harmen min som vatn.
          
   
11 Efraim er undertrykt,
          retten er knust,
          for han gav seg til å følgja
          det som ingenting er.
          
   
12 Eg er som møll for Efraim,
          som ròte for Judas hus.
          
   
13 Og Efraim såg sin sjukdom
          og Juda sitt sår.
          Då gjekk Efraim til Assur
          og sende bod til storkongen.
          Men han kan ikkje gjera dykk friske
          og ikkje lækja dykkar sår.
          
   
14 Sanneleg, eg er som ei løve mot Efraim,
          som ei ungløve mot Judas hus.
          Eg, eg riv sund og går min veg,
          eg sleper bort, og ingen bergar.
          
   
15 Eg vil venda attende til min stad
          til dess dei erkjenner si skuld
          og søkjer mitt andlet.
          I si naud skal dei leita etter meg.
Hos 5,1 viser til Hos 9,8f
Note: Mispa: kanskje ein by nord for Jerusalem i Benjamin-landet, nytta som samlingsstad i dommartida. Jf. Dom 20,1; 1 Sam 7,5. Tabor: fjell i Galilea.
Note: Sjittim: >4 Mos 25,1.
Hos 5,5 viser til Hos 7,10
Hos 5,7 viser til Jer 3,20ff
Note: nymånen eta opp: >Sal 121,6.
Note: Bet-Aven: Jf. 4,15. >Jos 7,2.
Hos 5,9 viser til Hos 10,6
Hos 5,13 viser til Hos 7,11, Hos 8,9, Hos 10,6
Note: storkongen: kongen av Assur.
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.