Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til kolossarane

1 2 3 4

Neste kapittel

Helsing
1Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, og vår bror Timoteus  2 helsar dei heilage i Kolossai, dei truande sysken i Kristus: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far!
Takk og forbøn
 3 Vi takkar alltid Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, når vi bed for dykk.  4 For vi har fått høyra om dykkar tru på Kristus Jesus og den kjærleiken de har til alle dei heilage  5 på grunn av det håpet som ventar dykk i himmelen. Det har de alt no fått høyra om gjennom det sanne ordet, evangeliet  6 som er kome til dykk. For i heile verda ber evangeliet frukt og breier seg ut. Det har det òg gjort hos dykk, heilt frå den dagen de høyrde det og i sanning fekk læra Guds nåde å kjenna.  7 Det var slik de lærte det av Epafras, vår kjære medarbeidar, som er ein trufast Kristi tenar for dykk.  8 Han har òg fortalt oss om den kjærleiken de har i Anden.
   
 9 Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må bli fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og innsikt som Anden gjev, 10 så de kan leva eit liv som er Herren verdig, og vera heilt og fullt til glede for han, bera frukt i all god gjerning og stadig veksa i kjennskap til Gud. 11 De skal styrkjast av krafta frå hans herlegdom, så de alltid er uthaldande og tolmodige. Og med glede 12 skal de takka Far, som gjorde dykk i stand til å få del i den arven dei heilage får i lyset. 13 For han har fria oss ut frå mørkrets makt og ført oss over i riket til Sonen, som han elskar. 14 I han er vi frikjøpte og har fått tilgjeving for syndene.
Skaping og forsoning ved Kristus
    15 Han er biletet av den usynlege Gud,
          den førstefødde før alt det skapte.
          
   
16 For i han vart alt skapt,
          i himmelen og på jorda,
          det synlege og det usynlege,
          troner og herredøme,
          makter og åndskrefter –
          ved han og til han er alt skapt.
          
   
17 Han er før alt,
          og i han blir alt halde saman.
          
   
18 Han er hovudet for kroppen, som er kyrkja.
          Han er opphavet,
          den førstefødde frå dei døde,
          så han i eitt og alt skal vera den fremste.
          
   
19 For i han ville Gud la heile sin fylde bu,
          
   
20 og ved han ville Gud forsona alt med seg,
          det som er i himmelen, og det som er på jorda,
          då han skapte fred ved hans blod på krossen.
21 De òg var ein gong framande og fiendar av Gud i sinn og tanke med dei vonde gjerningane dykkar. 22 Men no har han forsona dykk med seg, då Kristus leid døden i sin kropp av kjøt og blod. Heilage, uklanderlege og utan feil ville han stilla dykk fram for seg, 23 så sant de blir ståande i trua, grunnfeste og støe, og ikkje lèt dykk riva bort frå håpet i evangeliet, det som de har høyrt. Det er forkynt for alle skapningar under himmelen, og eg, Paulus, er ein tenar for det.
Liding og teneste for forsamlingane
24 No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno manglar i Kristi lidingar, det utfyller eg med min eigen kropp; eg lid for hans kropp, som er kyrkja. 25 Hennar tenar har eg vorte fordi Gud gav meg oppgåva som forvaltar hos dykk: å fullføra tenesta med Guds ord, 26 det mysteriet som har vore løynt gjennom alle tider og for alle slekter, men som no er openberra for hans heilage. 27 Gud ville kunngjera for dei kor rikt på herlegdom dette mysteriet er for folkeslaga: Kristus er mellom dykk, håpet om herlegdomen! 28 Det er han vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus. 29 For å nå dette målet arbeider og kjempar eg i hans kraft, som verkar i meg med styrke.
Kol 1,1 viser til Ef 1,1, 1 Tim 1,2+
Note: Timoteus: ein av ▶Paulus' medarbeidarar.
Note: Kolossai: ein handverks- og handelsby i Vesleasia. Han låg i landskapet Frygia, som Paulus ifølgje Apg 16,6; 18,23 drog gjennom to gonger på reisene sine.
Kol 1,5 viser til Ef 1,13, 1 Pet 1,3f
Note: evangeliet: «gledeleg bodskap», «godt nytt». ▶evangelium.
Kol 1,7 viser til Kol 4,12
Note: Epafras: hadde truleg grunnlagt forsamlinga. Kristi tenar for dykk: Andre handskrifter har «Kristi tenar i vår stad».
Kol 1,14 viser til Matt 20,28+, Rom 3,24, Ef 1,7, Ef 2,8, Tit 3,5ff
Note: frikjøpte: Uttrykket blir ofte brukt om slavar som vart kjøpte fri med løysepengar. Jf. Matt 20,28. ▶slektssamfunn og justis.
Kol 1,15 viser til Rom 8,29, 2 Kor 4,4, Kol 3,10, Hebr 1,3
Note: biletet: Jf. 2 Kor 3,18; 4,4. den førstefødde: «første» kan tyda «først i tid» eller «fremst i rang». Jf. v. 18.
Kol 1,17 viser til Joh 8,58
Note: blir alt halde saman: I gresk filosofi blir uttrykket ofte brukt om den faste ordninga i kosmos.
Kol 1,18 viser til 1 Kor 12,12+, 1 Kor 15,20+, Ef 1,22+, Kol 1,24f, Kol 2,19, Kol 3,15
Note: den førstefødde frå dei døde: Andre handskrifter har «den førstefødde av dei døde».
Kol 1,19 viser til Kol 2,9
Kol 1,22 viser til Ef 5,27
Kol 1,25 viser til Ef 3,2-7f
Kol 1,27 viser til Rom 16,26, Ef 1,18, 1 Pet 1,21
Note: mellom dykk: kan òg omsetjast «i dykk».
Kol 1,28 viser til Ef 4,13
Neste kapittel

26. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romarane 2,1–11

Les i nettbibelen

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. ... Vis hele teksten

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. 3Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? 4Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? 5Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom. 6Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: 7Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. 8Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente. 9Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar. 10Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar. 11For Gud gjer ikkje forskjell på folk.