Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til kolossarane

1 2 3 4

Forrige kapittelNeste kapittel

Det gamle og det nye mennesket
3Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand.  2 Vend dykkar sinn til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda.  3 For de er døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud.  4 Men når Kristus, dykkar liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.
   
 5 Så lat det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst, og trongen til alltid å eiga meir, som ikkje er anna enn avgudsdyrking.  6 Alt dette gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige.  7 Mellom dei var de òg, den gongen de levde i dette.  8 Men no må de leggja av alt dette: sinne, raseri, vondskap, spott og rått snakk.  9 Og lyg ikkje for kvarandre! For de har kledd av dykk det gamle mennesket med dei gjerningar som høyrer det til, 10 og ikledd dykk det nye mennesket, som blir fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna. 11 Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, barbar, skytar, slave eller fri. Nei, Kristus er alt og i alle.
   
12 De er Guds utvalde, heilage og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og ver gode, milde, audmjuke og tolmodige, 13 så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre. 14 Og over alt dette: Kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og gjer fullkomen. 15 Lat Kristi fred rå i hjartet dykkar, for til det vart de kalla då de vart éin kropp. Og ver takksame! 16 Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk, så de med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar. Syng for Gud med takk i hjarta! 17 Og alt de gjer, i ord og gjerning, skal de gjera i Herren Jesu namn og ved han takka Gud, vår Far.
Heim og familie
18 Kvinner, underordna dykk mennene dykkar, som det sømer seg i Herren. 19 Menn, elsk konene dykkar og ver ikkje harde mot dei. 20 Born, ver lydige mot foreldra dykkar i alle ting, for det er til glede i Herren. 21 Foreldre, ver ikkje så strenge mot borna dykkar at dei mistar motet. 22 Slavar, lyd dei jordiske herrane dykkar i alle ting. Ver ikkje augnetenarar som berre vil gjera menneske til lags, men lyd dei av eit ærleg hjarte, i ærefrykt for Herren. 23 Alt arbeid skal de gjera heilhjarta, for det er Herren og ikkje menneske de tener. 24 For de veit at de skal få arven som løn av Herren. Kristus er den herren de skal tena. 25 Men den som gjer urett, skal få den løn han fortener. Her er det ikkje forskjell på folk.
Kol 3,5 viser til Rom 1,29ff+, Ef 5,3-5
Note: Versa inneheld ein lastekatalog. ▶katalogar.
Kol 3,7 viser til Tit 3,3
Kol 3,8 viser til Ef 4,25ff
Kol 3,11 viser til Joh 17,21, Rom 10,12, 1 Kor 12,13, Gal 3,28
Note: barbar: gr. barbaros, brukt om dei som stod utanfor det gresk-romerske kulturfellesskapet, m.a. ved å snakka språk som var uforståelege. Jf. Rom 1,14; 1 Kor 14,11. skytar: Skytarane var eit folkeslag som budde nord for Svartehavet. Dei hadde ord på seg for å vera ville og ukultiverte. ▶ikkje-jødar.
Kol 3,12 viser til Ef 4,2-32, 1 Pet 2,9
Note: inderleg: Det gr. ordet tyder «innvolar». Grekarane rekna innvolane som sete for kjenslene og kunne difor bruka ordet som nemning for hjartevarme og kjærleik. Jf. Fil 1,8; Filem 20.
Kol 3,16 viser til Ef 5,19f
Note: Avsnittet inneheld ei ▶hustavle som skildrar dei rette tilhøva mellom medlemene av ein storfamilie, «huset». Jf. Ef 5,22–6,9; 1 Pet 2,18–3,7.
Kol 3,20 viser til Ef 6,1
Kol 3,21 viser til Ef 6,4
Forrige kapittelNeste kapittel

25. oktober 2021

Dagens Bibelord

Salmane 119,105–109

Les i nettbibelen

105נ Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig. 106Eg har svore, og det står eg ved, at eg vil halda dine rettferdige lover. 107Eg er djupt nedbøygd. Herre, gjev meg liv slik du har sagt! 108Herre, ta imot gåva frå min munn og lær meg dine lover! ... Vis hele teksten

105נ Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig. 106Eg har svore, og det står eg ved, at eg vil halda dine rettferdige lover. 107Eg er djupt nedbøygd. Herre, gjev meg liv slik du har sagt! 108Herre, ta imot gåva frå min munn og lær meg dine lover! 109Eg går alltid med livet i hendene, men gløymer ikkje di lov.