Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ andre brev til tessalonikarane

1 2 3

Neste kapittel

Helsing
1Paulus, Silvanus og Timoteus helsar forsamlinga i Tessalonika, i Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.  2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Dommen når Herren kjem att
 3 Vi må alltid takka Gud for dykk, sysken, som rett er. For trua dykkar veks seg stadig rikare, og kjærleiken de har til kvarandre, blir større hos kvar og ein av dykk.  4 Når vi fortel om dykk i Guds forsamlingar, kan vi difor vera stolte over det tolmod og den tru de viser i alle dei forfølgingar og trengsler de må tola.  5 Dette er eit varsel om Guds rettferdige dom, då de skal finnast verdige til Guds rike, som de no lid for.  6 For det er rettferdig i Guds auge at dei som fører trengsler over dykk, skal han gje trengsler att;  7 og dykk som lid trengsler, skal han gje lindring saman med oss når Herren Jesus openberrar seg frå himmelen. Han kjem med sine mektige englar  8 i logande eld og straffar dei som ikkje kjenner Gud, og dei som ikkje er lydige mot vår Herre Jesu evangelium.  9 Straffa dei skal lida, blir ei evig fortaping borte frå Herrens andlet og borte frå hans herlegdom og makt, 10 den dagen han kjem og skal lovprisast mellom sine heilage og tilbedast av alle som trur. Og de har trudd det vitnemålet vi bar fram.
   
11 Difor bed vi alltid for dykk at vår Gud må gjera dykk verdige til det kallet de har fått, og fylla dykk heilt med vilje til det gode og med ei tru som med kraft viser seg i gjerning. 12 Då skal vår Herre Jesu namn bli herleggjort i dykk, og de i han, ved vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde.
2 Tess 1,1 viser til 1 Tess 1,1
Note: Silvanus og Timoteus: ▶Paulus' medarbeidarar. Tessalonika: hamneby og hovudstad i den romerske provinsen Makedonia. ▶byar.
2 Tess 1,8 viser til Jes 66,15, Rom 2,8, 1 Pet 4,17
Note: evangelium: «gledeleg bodskap, godt nytt». Paulus bruker ofte denne nemninga om misjonsforkynninga si. Ordet kan både visa til forkynninga og til innhaldet i bodskapen.
2 Tess 1,12 viser til Mal 1,11, Joh 17,10-22
Note: vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde: kan òg omsetjast «nåden frå vår Gud og Herre, Jesus Kristus».
Neste kapittel

26. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romarane 2,1–11

Les i nettbibelen

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. ... Vis hele teksten

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. 3Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? 4Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? 5Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom. 6Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: 7Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. 8Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente. 9Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar. 10Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar. 11For Gud gjer ikkje forskjell på folk.