Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Læresveinane får sjå Jesu herlegdom
17Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine.  2 Då vart han forvandla for auga deira. Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset.  3 Og sjå, Moses og Elia synte seg for dei og snakka med han.  4 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Om du vil, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»  5 Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Høyr han!»  6 Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, gripne av redsle.  7 Men Jesus gjekk bort og rørte ved dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!»  8 Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus.
   
 9 På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei: «Fortel ikkje nokon om dette synet før Menneskesonen har stått opp frå dei døde.» 10 Då spurde læresveinane: «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» 11 Jesus svara: «Elia skal nok koma og setja alt i rett skikk. 12 Ja, eg seier dykk: Elia er alt komen, men dei ville ikkje vita av han og gjorde med han som dei ville. På same måten kjem dei òg til å la Menneskesonen lida.» 13 Då skjøna læresveinane at han tala til dei om døyparen Johannes.
Jesus lækjer ein gut med ei vond ånd
14 Då dei kom ned til folket, kom det ein mann til Jesus, fall på kne for han 15 og sa: «Herre, miskunna deg over son min. Han er månesjuk og lid mykje vondt; ofte fell han i elden og ofte i vatnet. 16 Eg tok han med til læresveinane dine, men dei kunne ikkje lækja han.» 17 Jesus svara: «Du vantruande og vrange slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit med guten!» 18 Og Jesus tala myndig til han, den vonde ånda fór ut, og guten vart god att i same stunda.
   
19 Då læresveinane vart åleine med Jesus, spurde dei han: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?» 20 «Fordi de har så lite tru», svara han. «Sanneleg, eg seier dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: ‘Flytt deg herifrå og dit!’ – då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogleg for dykk.
   
21 *Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.•»
Jesus talar igjen om at han skal døy og stå opp att
22 Medan dei enno gjekk omkring saman i Galilea, sa Jesus til dei: «Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske; 23 dei skal slå han i hel, og tredje dagen skal han reisast opp att.» Då vart dei svært sorgfulle.
Tempelskatten
24 Då dei vel var framme i Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, bort til Peter og spurde: «Betaler ikkje meisteren dykkar skatt til tempelet?» 25 «Jau, det gjer han», svara Peter. Då han kom heim, spurde Jesus, før Peter hadde sagt noko: «Kva meiner du, Simon? Kven er det kongane på jorda krev toll eller skatt av? Er det av borna sine eller av framande?» 26 «Av framande», svara Peter. «Så går borna fri då», sa Jesus. 27 «Men vi vil ikkje støyta dei; difor skal du gå ned til sjøen og kasta ut eit snøre. Ta den første fisken du får, og når du opnar gapet på han, finn du ein sølvmynt. Ta den og gjev han til dei for meg og deg.»
Matt 17,10 viser til Mal 4,5f
Note: Elia: >11,14.
Note: Herre, miskunna deg: gr. Kyrie eleison. Jf. 9,27; 15,22; 20,30f; Mark 10,47f; Luk 16,24; 17,13; 18,38f. månesjuk: >4,24.
Matt 17,20 viser til Matt 21,21, Mark 11,23, Luk 17,6, 1 Kor 13,2
Note: sennepsfrø: bilete på det minste som kan tenkjast. >13,31.
Note: Verset manglar i dei eldste handskriftene. Jf. Mark 9,29.
Matt 17,23 viser til Hos 6,2, Matt 16,21+
Note: tredje dagen: >16,21.
Matt 17,24 viser til 2 Mos 30,13-16
Note: tempelskatten: Skatten vart innkravd kvart år av alle vaksne jødar i og utanfor Israels land. På Jesu tid var skatten to drakmar, dvs. to dagløner. ▶mynt.
Note: ein sølvmynt: gr. stater, dvs. fire dagløner. ▶mynt.
Forrige kapittelNeste kapittel

27. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 13,22–30

Les i nettbibelen

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: ... Vis hele teksten

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24«Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ 28Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»