Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

BERGPREIKA (Kap. 5–7)
Sæle er dei!
5    Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. Han sette seg, og læresveinane samla seg om han.  2 Då tok han til orde og lærte dei:
          
   
 3 «Sæle dei som er fattige i ånda,
          himmelriket er deira.
          
   
 4 Sæle dei som sørgjer,
          dei skal bli trøysta.
          
   
 5 Sæle dei audmjuke,
          dei skal arva jorda.
          
   
 6 Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,
          dei skal bli metta.
          
   
 7 Sæle dei miskunnsame,
          dei skal få miskunn.
          
   
 8 Sæle dei reine i hjartet,
          dei skal sjå Gud.
          
   
 9 Sæle dei som skaper fred,
          dei skal kallast Guds born.
          
   
10 Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld,
          himmelriket er deira.
11 Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. 12 Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.
Saltet på jorda og lyset i verda
13 De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned.
   
14 De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. 15 Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. 16 Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!
Lov og oppfylling
17 Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla. 18 Sanneleg, eg seier dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt. 19 Den som opphevar eit einaste av desse minste boda og lærer menneska såleis, skal reknast som den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre å gjera det, skal reknast som stor i himmelriket. 20 Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda til dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket.
Drap og vreide
21 De har høyrt det er sagt til forfedrane: ‘ Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal vera skuldig for domstolen.’ 22 Men eg seier dykk: Den som blir sint på bror sin, skal vera skuldig for domstolen, og den som seier til ein bror: ‘Din tosk!’ skal vera skuldig for Det høge rådet, og den som seier: ‘Din gudlause narr!’ er skuldig til helvetes eld.
   
23 Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at bror din har noko imot deg, 24 så lat gåva di liggja framfor altaret og gå først og forlik deg med bror din. Så kan du koma og bera fram offeret ditt! 25 Ver snar til å forlika deg med motparten din medan du enno er med han på vegen. Elles stemner han deg for dommaren, og dommaren gjev deg over til vaktmannen, og du blir kasta i fengsel. 26 Sanneleg, eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.
Ekteskap og skilsmisse
27 De har høyrt det er sagt: ‘ Du skal ikkje bryta ekteskapet. 28 Men eg seier dykk: Den som ser på ei kvinne og har lyst på henne, har alt gjort ekteskapsbrot med henne i hjartet sitt. 29 Om høgre auget ditt lokkar deg til fall, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg at du mistar ein kroppsdel, enn at heile kroppen blir kasta i helvete. 30 Og om høgre handa lokkar deg til fall, så hogg henne av og kast henne frå deg! Det er betre for deg at du mistar ein kroppsdel, enn at heile kroppen kjem i helvete.
   
31 Det er sagt: ‘Den som skil seg frå kona si, skal gje henne skilsmissebrev.’ 32 Men eg seier dykk: Den som skil seg frå kona si av annan grunn enn hor, han valdar at andre bryt ekteskapet med henne. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.
Eid og sanning
33 De har òg høyrt det er sagt til forfedrane: ‘ Du skal ikkje sverja falskt’ og: ‘ Du skal gje til Herren det du har lova han med eid’. 34 Men eg seier dykk: De skal ikkje sverja i det heile, verken ved himmelen, for det er Guds kongsstol, 35 eller ved jorda, for det er fotskammelen hans, eller ved Jerusalem, for det er byen til den store kongen. 36 Heller ikkje skal du sverja ved hovudet ditt, for du kan ikkje gjera eit einaste hårstrå kvitt eller svart. 37 Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei! Alt som er meir enn det, er av det vonde.
Å løna vondt med godt
38 De har høyrt det er sagt: ‘ Auge for auge og tann for tann. 39 Men eg seier dykk: Set dykk ikkje til motverje mot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til. 40 Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg. 41 Tvingar nokon deg til å følgja han éi mil, så gå to med han. 42 Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg.
Elsk fiendane dykkar
43 De har høyrt det er sagt: ‘ Du skal elska nesten din og hata fienden din.’ 44 Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, *velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk,• og be for dei som *mishandlar dykk og• forfølgjer dykk. 45 Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode og lèt det regna over rettferdige og urettferdige. 46 Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? 47 Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same? 48 Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.
Matt 5,3 viser til Jes 57,15
Note: Sæle: Det gr. ordet svarar til eit formelaktig hebr. uttrykk der eit menneske blir gratulert med lukka si i notid eller framtid. ▶sæle er dei.
Matt 5,13 viser til Job 6,6
Note: saltet på jorda: Salt og salthaldige mineral vart brukte til å betra jorda. ▶salt.
Matt 5,13 viser til Job 6,6
Note: saltet på jorda: Salt og salthaldige mineral vart brukte til å betra jorda. ▶salt.
Matt 5,17 viser til Rom 3,31
Note: lova eller profetane: Dei heilage skriftene til jødane har tre delar: lova (1–5 Mos), profetane (Jos, Dom, 1–2 Sam og 1–2 Kong) og skriftene (dei andre bøkene med Sal som den viktigaste). ▶Skrifta.
Matt 5,18 viser til Matt 24,35, Luk 16,17
Note: Sanneleg: gjev att det hebr. ordet amen, «det står fast», «det er sikkert og sant». ▶amen. ein einaste prikk: ein liten hake eller strek som vart brukt til å skilja frå kvarandre nokre svært like hebr. bokstavar.
Matt 5,22 viser til 1 Joh 3,15
Note: sint på bror sin: Yngre handskrifter legg til «utan grunn». Det høge rådet: den øvste domstolen til jødane. ▶Rådet, Det høge rådet. helvetes eld: straffestaden i endetida. ▶helvete.
Note: øre: lita romersk mynteining. ▶mynt.
Note: Tvingar … følgja han: militærteknisk uttrykk. Romarane kunne tvinga innbyggjarane i eit land til å følgja med dei romerske troppane som vegvisarar, berarar e.l. mil: Ei romersk mil (lat. milia) var ca. 1,5 km.
Matt 5,44 viser til 2 Mos 23,4f, Luk 23,34, Apg 7,60, Rom 12,14
Note: Dei eldste handskriftene har ein kortare variant: «Elsk fiendane dykkar og be for dei som forfølgjer dykk.» Jf. Luk 6,27f.
Note: tollarane: Oppgåva med å krevja inn ▶toll og avgifter i Romarriket vart pakta bort til særskilde tenestemenn. Dei var ofte freista til å ta større toll enn dei hadde rett til (Luk 3,12f). Jødar som tok på seg den slags arbeid, vart rekna som ureine, forakta av landsmennene sine og jamstelte med openberre syndarar.
Matt 5,48 viser til 3 Mos 19,2
Note: fullkomne: Det gr. ordet er i evangelia berre nytta her og i 19,21, der det er omsett «heilhjarta». Jf. 5 Mos 6,5; Matt 22,37.
Forrige kapittelNeste kapittel

24. oktober 2021

Dagens Bibelord

Johannes 12,35–36

Les i nettbibelen

35Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. ... Vis hele teksten

35Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. 36Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.