Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ første brev til tessalonikarane

1 2 3 4 5

Neste kapittel

Helsing
1Paulus, Silvanus og Timoteus helsar forsamlinga i Tessalonika, i Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. Nåde og fred vere med dykk!
Paulus gleder seg over forsamlinga
 2 Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i bønene våre.  3 For vår Gud og Fars andlet hugsar vi stadig korleis trua dykkar viser seg i gjerning, kjærleiken i arbeid og vona til vår Herre Jesus Kristus i tolmod.  4 De er elska av Gud, sysken, og vi veit at de er utvalde.  5 For då evangeliet kom til dykk, var det ikkje berre med ord, men òg med kraft, ved Den heilage ande og med full overtyding. De veit kva vi gjorde hos dykk, for dykkar skuld.  6 Og de etterlikna oss, ja, de etterlikna Herren sjølv, då de under hard motgang tok imot Ordet med den glede som Den heilage ande gjev.  7 Slik vart de eit føredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia.  8 For frå dykk har Herrens ord fått lyda vidt utover. Ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader har dei høyrt om dykkar tru på Gud, så den treng ikkje vi seia noko om.  9 Dei fortel sjølve kva mottaking vi fekk hos dykk, korleis de vende om til Gud frå avgudane for å tena den levande, sanne Gud 10 og venta på hans Son frå himmelen, han som Gud reiste opp frå dei døde, Jesus, som bergar oss frå den komande vreiden.
1 Tess 1,1 viser til Apg 17,1ff, 2 Tess 1,1
Note: Silvanus og Timoteus: ▶Paulus' medarbeidarar. Tessalonika: hamneby og hovudstad i den romerske provinsen Makedonia. ▶byar.
Note: Makedonia og Akaia: ▶romerske provinsar, som til saman dekkjer størstedelen av det noverande Hellas.
Neste kapittel

22. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romerne 13,8–12

Les i nettbibelen

8Ha ingen skyld til noen, annet enn det å elske hverandre! Den som elsker sin neste, har oppfylt loven. ... Vis hele teksten

8Ha ingen skyld til noen, annet enn det å elske hverandre! Den som elsker sin neste, har oppfylt loven. 9For disse budene: Du skal ikke bryte ekteskapet, du skal ikke slå i hjel, du skal ikke stjele, du skal ikke begjære, eller hvilket bud det så er, sammenfattes i dette: Du skal elske din neste som deg selv. 10Kjærligheten gjør ikke noe ondt mot nesten. Derfor er kjærligheten oppfyllelse av loven. 11Dessuten vet dere hvilken tid det nå er: Timen er kommet da dere må våkne opp av søvnen, for frelsen er oss nærmere nå enn da vi kom til tro. 12Natten er snart slutt, og dagen er nær. La oss derfor legge bort mørkets gjerninger og kle oss i lysets rustning.