Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Jesaja

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66

Forrige kapittelNeste kapittel

Trengsle for Jerusalem
29Ve Ariel, Ariel,
          byen som David kringsette!
          Legg år til år,
          lat høgtider koma og gå!
          
   
 2 Eg gjer det trongt for Ariel,
          det skal bli sorg og sut,
          då skal byen bli eit Ariel for meg.
          
   
 3 Eg skal kringsetja deg som David,
          omringa deg med vollar
          og reisa skansar imot deg.
          
   
 4 Då blir du bøygd
          og må tala frå jorda,
          nede frå støvet kjem ditt ord,
          som gjenferd frå jorda er di røyst,
          og frå støvet kviskrar du ditt ord.
          
   
 5 Dei mange frekke skal bli som fint støv,
          dei mange valdsmenn som fykande agner.
          Brått, på ein augneblink,
          
   
 6 kjem straffa frå Herren over hærskarane,
          med tore og jordskjelv og tunge drønn,
          med vindkast og storm
          og fortærande logar av eld.
          
   
 7 Som ein draum, eit syn om natta,
          skal dei mange folkeslaga vera
          som kjempar mot Ariel,
          alle som kjempar mot byen og borga
          og gjer det trongt for han.
          
   
 8 Det blir som når den svoltne drøymer,
          og sjå, der er mat!
          og han vaknar og er like svolten,
          som når den tørste drøymer,
          og sjå, der er drikke!
          og han vaknar, utsliten og tørst.
          Slik skal det gå med dei mange folkeslaga
          som kjempar mot Sion-fjellet.

Eit synkvervt folk
     9 Forvirr dykk sjølve og ver forvirra,
          klin auga att og ver blinde!
          Ver fulle, men ikkje av vin,
          sjangla, men ikkje av sterk drikk!
          
   
10 For Herren har aust over dykk
          ei ånd som gjev djup søvn.
          Han har late att auga dykkar – profetane,
          og dekt til hovuda dykkar – sjåarane.
        
11 For dykk har kvart syn vorte som orda i ei forsegla bok. Gjev dei henne til ein som skjønar skrift, og seier «les dette!» så svarar han: «Eg kan ikkje, ho er forsegla.» 12 Og gjev dei boka til ein som ikkje skjønar skrift, og seier «les dette!» så svarar han: «Eg skjønar ikkje skrift.»
          
   
13 Herren sa: Dette folket
          kjem nær meg med munnen
          og ærar meg med leppene,
          men hjartet er langt borte frå meg,
          og den frykt dei har for meg,
          er eit tillært menneskebod.
          
   
14 Difor vil eg framleis forundra dette folket
          på underleg og underfullt vis.
          Då skal visdomen til deira vise forgå,
          og klokskapen til deira kloke skal løyna seg.

Pottemakaren og leira
    15 Ve dei som søkjer ned i djupet,
          bort frå Herren, for å løyna sin plan!
          I mørkret skjer gjerningane deira.
          Dei seier: «Kven ser oss? Kven veit om oss?»
          
   
16 De snur det opp ned!
          Skal ikkje pottemakaren
          setjast høgare enn leira?
          Kan verket seia om handverkaren:
          «Han har ikkje laga meg»,
          og karet om pottemakaren:
          «Han skjønar ingenting»?

Guds namn skal helgast
    17 Om berre ei lita stund
          skal Libanon bli ein frukthage,
          og ein frukthage skal reknast som skog.
          
   
18 Den dagen skal dei døve høyra skrivne ord,
          og sjølv i skumring og mørker skal blinde auge sjå.
          
   
19 Igjen skal dei hjelpelause
          gleda seg i Herren,
          dei fattigaste blant menneska skal jubla
          over Israels Heilage.
          
   
20 For det er ute med valdsmannen,
          borte er spottaren,
          utrydda er alle vondskapens vaktarar,
          
   
21 dei som med sitt ord dømde folk skuldige,
          la snarer for den som hevda retten i byporten,
          og med tomme ord dreiv rettferdige bort.
          
   
22 Difor, så seier Herren til Jakobs hus,
          han som fria ut Abraham:
          No skal ikkje Jakob bli til skamme,
          no skal ikkje andletet hans bleikna meir.
          
   
23 For når han og borna hans ser
          det mine hender har gjort iblant dei,
          då skal dei helga mitt namn,
          dei skal helga han som er Jakobs Heilage,
          og skjelva for Israels Gud.
          
   
24 Dei som går seg vill i ånda,
          skal få innsikt,
          og dei som murrar,
          skal få lærdom.
Jes 29,1 viser til Jes 33,7
Note: Ariel: poetisk namn på Jerusalem eller ein del av byen. Tydinga er usikker, kanskje «offereldstad», jf. v. 2 og Esek 43,15f. Ei anna mogleg omsetjing er «Guds løve», jf. 4 Mos 23,24; 1 Kong 10,20; 1 Krøn 11,22; Sal 22,14.17.
Jes 29,21 viser til Am 5,10
Note: byporten: var ein møtestad for samråd og rettsforhandlingar. Jf. Rut 4,1ff.
Forrige kapittelNeste kapittel

27. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 13,22–30

Les i nettbibelen

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: ... Vis hele teksten

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24«Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ 28Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»