Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Jesaja

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66

Forrige kapittelNeste kapittel

Israel blir utløyst
43Og no, så seier Herren,
          som skapte deg, Jakob,
          som forma deg, Israel:
          Ver ikkje redd!
          For eg har løyst deg ut,
          eg har kalla deg ved namn, du er min.
          
   
 2 Går du gjennom vatn, er eg med deg,
          gjennom elvar, skal dei ikkje fløyma over deg.
          Går du gjennom eld, skal du ikkje svi deg,
          og logen skal ikkje brenna deg.
          
   
 3 For eg er Herren din Gud,
          Israels Heilage, som frelser deg.
          Eg gjev Egypt som løysepenge for deg,
          Kusj og Seba i staden for deg.
          
   
 4 Fordi du er dyrebar i mine auge,
          høgt akta og eg elskar deg,
          gjev eg menneske i staden for deg
          og folkeslag for ditt liv.
          
   
 5 Ver ikkje redd, for eg er med deg!
          Frå aust vil eg henta ætta di,
          og frå vest vil eg samla deg.
          
   
 6 Eg seier til nord: «Gjev frå deg!»
          og til sør: «Hald ikkje tilbake!»
          Hent sønene mine frå det fjerne,
          døtrene frå enden av jorda,
          
   
 7 alle som er kalla med mitt namn,
          dei eg har skapt til mi ære,
          forma og laga.

Herren åleine er Gud og frelsar
     8 Før fram folket som er blindt
          endå det har auge,
          dei som er døve
          endå dei har øyre.
          
   
 9 Alle folkeslag kjem saman,
          folka samlar seg.
          Kan nokon av dei fortelja
          så vi får høyra om dei første ting?
          Lat dei føra fram vitne så dei kan få rett!
          Lat dei høyra på og seia: «Det er sant!»
          
   
10 De er mine vitne, seier Herren,
          og min tenar, som eg har valt ut,
          for at de skal kjenna meg og tru på meg
          og skjøna at eg er Han.
          Før meg har ingen gud vorte forma,
          og etter meg skal ingen koma.
          
   
11 Eg, eg er Herren,
          det finst ingen annan frelsar enn eg.
          
   
12 Det er eg som har fortalt
          og frelst og gjort det kjent,
          det finst ingen framand hos dykk.
          De er mine vitne, seier Herren.
          Eg er Gud,
          
   
13 heilt frå dag vart til,
          eg er Han.
          Ingen kan riva ut av mi hand;
          det eg gjer, kan ingen gjera ugjort.

Babel fell
    14 Så seier Herren,
          han som løyser dykk ut,
          Israels Heilage:
          For dykkar skuld sender eg bod til Babel
          og bryt ned alle bommane.
          Jubelen frå kaldearane blir til klageskrik.
          
   
15 Eg er Herren, dykkar Heilage,
          Israels skapar, dykkar konge.

Noko nytt spirer fram
    16 Så seier Herren,
          han som gjorde veg gjennom sjøen,
          ein stig i det veldige vatnet,
          
   
17 som førte vogner og hestar,
          hær og hovdingar uti.
          Der vart dei liggjande og reiste seg aldri,
          dei slokna som når ein veike blir sløkt.
          
   
18 De skal ikkje minnast dei første ting,
          ikkje tenkja på det som hende før.
          
   
19 Sjå, eg gjer noko nytt.
          No spirer det fram.
          Merkar de det ikkje?
          Ja, eg legg veg i ørkenen,
          elvar i øydemarka.
          
   
20 Ville dyr skal æra meg,
          sjakalar og strutsar.
          For eg gjev vatn i ørkenen
          og elvar i øydemarka
          så mitt utvalde folk kan få drikka.
          
   
21 Mitt folk, som eg har forma,
          skal forkynna min pris.
          
   
22 Men meg har du ikkje kalla på, Jakob,
          du har ikkje slite deg ut for meg, Israel.
          
   
23 Du kom ikkje til meg med brennofferlam
          og æra meg ikkje med slaktoffer.
          Eg plaga deg ikkje med grødeoffer
          og sleit deg ikkje ut med røykjelse.
          
   
24 Du kjøpte ikkje krydder til meg for sølv
          og metta meg ikkje med offerfeitt.
          Du plaga meg berre med syndene dine
          og sleit meg ut med ugjerningane dine.
          
   
25 Eg, eg er den som utslettar
          dine brot for mi skuld,
          og syndene dine minnest eg ikkje.
          
   
26 Minn meg på det,
          lat oss gå til domstolen saman!
          Tal di sak så du kan få rett!
          
   
27 Stamfar din synda,
          talsmennene dine sette seg opp imot meg.
          
   
28 Difor vanhelga eg
          fyrstane for heilagdomen,
          eg overgav Jakob til bann
          og Israel til hån.
Note: Kusj: >18,1. Seba: Kanskje det same som Saba. Jf. 1 Kong 10,1; Sal 72,10; Jes 45,14.
Note: overgav Jakob til bann: ▶bann.
Forrige kapittelNeste kapittel

29. juli 2021

Dagens Bibelord

Lukas 9,23–26

Les i nettbibelen

23Så sa han til alle: «Om noen vil følge etter meg, må han fornekte seg selv og hver dag ta sitt kors opp og følge meg. 24For den som vil berge sitt liv, skal miste det. Men den som mister sitt liv for min skyld, skal berge det. ... Vis hele teksten

23Så sa han til alle: «Om noen vil følge etter meg, må han fornekte seg selv og hver dag ta sitt kors opp og følge meg. 24For den som vil berge sitt liv, skal miste det. Men den som mister sitt liv for min skyld, skal berge det. 25Hva gagner det et menneske om det vinner hele verden, men mister seg selv og går til grunne? 26For den som skammer seg over meg og mine ord, ham skal også Menneskesønnen skamme seg over når han kommer i sin og sin Fars og de hellige englers herlighet.