Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Sakarja

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

Forrige kapittelNeste kapittel

Guds dom over Israels fiendar
9Ein bodskap.
        
           Herrens ord er i Hadrak-landet,
          i Damaskus har det sin bustad,
          for menneska og alle Israels stammar
          vender auga mot Herren.
          
   
 2 Slik med grannelandet Hamat òg,
          og Tyros og Sidon, med all deira visdom.
          
   
 3 Tyros bygde seg ei festning,
          hauga opp sølv som mold
          og gull som søle i gata.
          
   
 4 Sjå, Herren vil ta byen
          og slå styrkane hennar på sjøen.
          Byen skal øydast i eld.
          
   
 5 Asjkalon skal sjå det og reddast,
          Gaza skal vri seg i smerte,
          Ekron òg, for hennar von blir til skamme.
          Gaza skal mista sin konge,
          i Asjkalon skal ingen bu.
          
   
 6 Det skal bu blandingsfolk i Asjdod.
          Eg gjer ende på det filistrane er stolte av.
          
   
 7 Eg skal fjerna blodet dei har i munnen,
          og det motbydelege dei tygg på.
          Men dei som blir att,
          skal høyra vår Gud til
          og vera som ei slekt i Juda,
          med Ekron skal det gå som med jebusittane.
          
   
 8 Eg skal slå leir omkring huset mitt
          til vern mot dei som rykkjer fram og tilbake.
          Aldri meir skal nokon undertrykkjar
          rykkja fram mot dei.
          For no har eg sett det med eigne auge.

Fredskongen på Sion
     9 Bryt ut i jubel, dotter Sion!
          Rop av glede, dotter Jerusalem!
          Sjå, kongen din kjem til deg,
          rettferdig og rik på siger,
          fattig er han og rid på eit esel,
          på ein eselfole.
          
   
10 Eg vil rydda ut vognene i Efraim
          og hestane i Jerusalem,
          stridsbogen skal brytast sund.
          Han skal tala fred for folkeslaga,
          hans velde skal nå frå hav til hav,
          frå Storelva til endane av jorda.

Herren skal verna folket sitt
    11 Og du, i kraft av blodpakta med deg
          set eg fangane dine fri
          frå brønnen utan vatn.
          
   
12 Vend heim til borga,
          de fangar som har von!
          I dag forkynner eg:
          Eg gjev deg dobbelt att.
          
   
13 For eg spenner Juda som ein boge
          og legg Efraim på som pil.
          Eg skal slyngja dine søner, Sion,
          mot dine søner, Javan.
          Eg gjer deg lik sverdet til ein krigar.
          
   
14 Herren skal syna seg for dei,
          pila hans skyta ut som lynet.
          Herren Gud skal blåsa i hornet
          og fara fram i stormvind frå sør.
          
   
15 Herren over hærskarane skal vera skjold for dei.
          Slyngjesteinane skal fortæra og tvinga i kne,
          drikka blod som var det vin,
          fylte som offerskåler, tilsmurde som hjørna på altaret.
          
   
16 Herren deira Gud skal berga dei den dagen,
          folket hans skal vera som ein saueflokk.
          Som kronjuvelar skal dei glima over landet hans.
          
   
17 Kor godt og vakkert det er!
          Korn og ny vin
          får gutar og jenter til å bløma.
Sak 9,1 viser til Jer 32,19, Am 1,3
Note: Hadrak: aramearrike nord for Hamat, jf. v. 2.
Sak 9,2 viser til Esek 26,1ff, Am 1,9, Am 6,2
Note: Hamat: aramearrike ved elva Orontes. Jf. Lebo-Hamat. >4 Mos 13,21.
Note: fjerna blodet: Jf. 3 Mos 17,10ff. jebusittane: Folket i filistarbyen Ekron skal bli ein del av Israel, slik som jebusittane i Jerusalem. Jf. 14,21.
Sak 9,9 viser til 1 Mos 49,11, 1 Kong 1,33
Note: fattig: ▶Septuaginta har «audmjuk». I denne forma er verset sitert i NT. Jf. Matt 21,5.
Sak 9,10 viser til Sal 72,3-7f, Jes 2,4, Mi 4,3
Note: Efraim: her om heile Nordriket. Storelva: Eufrat.
Sak 9,11 viser til 1 Mos 37,20ff, 2 Mos 24,5ff, Jer 38,6
Note: blodpakta: Pakta vart skipa og halden oppe med blodige offer. Jf. 2 Mos 24,8. brønnen: eit fangehol. Jf. 1 Mos 37,24; Jer 38,6.
Note: Javan: Jonia, som stod for dei greske bystatane på vestkysten av Vesleasia. Namnet blir òg nytta om Hellas og om heile det greske riket. Jf. Jes 66,19; Dan 8,21.
Forrige kapittelNeste kapittel

26. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romarane 2,1–11

Les i nettbibelen

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. ... Vis hele teksten

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. 3Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? 4Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? 5Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom. 6Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: 7Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. 8Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente. 9Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar. 10Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar. 11For Gud gjer ikkje forskjell på folk.