Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ første brev til Timoteus

1 2 3 4 5 6
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Forskrifter for gudstenesta
2Framfor alt legg eg dykk på hjartet å bera fram bøn og påkalling, forbøn og takk for alle menneske.  2 Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer.  3 Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over,  4 han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.
          
   
 5 For Gud er éin,
          og éin mellommann er det mellom Gud og menneske,
          mennesket Kristus Jesus,
          
   
 6 han som gav seg sjølv som løysepenge for alle.
          Det var vitnemålet då tida var komen,
 7 og for det vart eg sett til herold og apostel. Eg seier sanninga, eg lyg ikkje. Eg er ein lærar for folkeslag i tru og sanning.
   
 8 Eg vil at mennene alle stader skal lyfta reine hender når dei held bøn, utan sinne og strid.  9 På same måten vil eg at kvinnene skal ha ei fin framferd. Dei skal pynta seg med måte og forstand, ikkje med alle slags flettingar, gullsmykke, perler eller dyre klede, 10 men med gode gjerningar, slik det sømer seg for kvinner som vil leva gudfryktig. 11 Når ei kvinne tek imot læra, skal ho vera stille og underordna seg i eitt og alt. 12 Eg tillèt ikkje ei kvinne å undervisa eller bestemma over mannen; ho skal vera stille. 13 For Adam vart skapt først, og så Eva. 14 Og det var ikkje Adam som lét seg lokka. Men kvinna lét seg lokka og braut bodet. 15 Men ho skal bli frelst gjennom barnefødselen – berre dei viser forstand og held fast på tru, kjærleik og helging.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

06. juli 2022

Dagens bibelord

Matteus 7,21–29

Les i nettbibelen

21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten

21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.