Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ første brev til Timoteus

1 2 3 4 5 6

Neste kapittel

Helsing
1Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og Kristus Jesus, vår von,  2 helsar Timoteus, mitt ektefødde barn i trua: Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår Herre!
Åtvaring mot vranglærarar
 3 Då eg drog til Makedonia, bad eg deg vera att i Efesos. Du skulle forby einskilde der å fara med ei anna lære  4 eller vera opptekne av mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelseplan, der det dreiar seg om tru.  5 Målet for dette oppdraget er kjærleik av eit reint hjarte, av eit godt samvit og av ei oppriktig tru.  6 Nokre har forvilla seg bort frå dette og har hamna i tomme ord.  7 Dei vil vera lovlærarar, men skjønar korkje det dei sjølve seier eller det dei talar så sjølvsikkert om.
   
 8 Men vi veit at lova er god om vi bruker henne slik ho skal brukast,  9 og forstår at ho ikkje er gjeven for rettferdige, men for lovbrytarar og ulydige, ugudelege og syndarar, gudsfornektarar og vanheilage, og for dei som slår far sin eller mor si, for mordarar, 10 dei som driv hor, menn som ligg med menn, dei som driv med menneskehandel, løgnarar og dei som sver falsk eid, og kva som elles måtte strida mot den sunne læra. 11 Dette er i samsvar med evangeliet om herlegdomen hos Gud, den sæle, det evangeliet som er tiltrudd meg.
Den største syndaren
12 Eg takkar han som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, fordi han synte meg tillit og sette meg til tenesta, 13 eg som før spotta, forfølgde og fór fram med vald. Men eg fekk miskunn, for i mi vantru visste eg ikkje kva eg gjorde. 14 Og vår Herres nåde har vore overstrøymande rik og gjeve meg tru og kjærleik i Kristus Jesus. 15 Det er eit truverdig ord og vel verdt å ta imot, at Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og av dei er eg den største. 16 Men når eg fekk miskunn, var det for at eg skulle vera den første som Kristus Jesus kunne visa alt sitt tolmod, så eg vart eit førebilete for dei som sidan skulle koma til tru på han og få evig liv. 17 Han som er konge frå æve til æve, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud, han vere pris og ære i all æve! Amen.
Oppdraget til Timoteus
18 Timoteus, mitt barn, slik er oppdraget eg no overgjev til deg, i samsvar med dei profetord som før er tala til deg. Ved dei skal du strida den gode striden, 19 i tru og med eit godt samvit. Samvitet har nokre kasta frå seg, og trua deira har forlist. 20 Mellom dei er Hymeneos og Aleksander, som eg har overgjeve til Satan, for at dei skal bli viste til rette så dei ikkje spottar.
1 Tim 1,1 viser til Kol 1,27, 1 Tim 2,3, 1 Tim 4,10
Note: apostel: ein utsending med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. Blir oftast brukt om dei 12 læresveinane Jesus valde ut, men òg om somme andre.
Note: Makedonia: ▶romerske provinsar. Efesos: handelsby og hovudstad i den romerske provinsen Asia. ▶byar.
1 Tim 1,4 viser til 1 Tim 4,7, 2 Tim 4,4, Tit 1,14, Tit 3,9
Note: mytar og endelause ættetavler: Orda siktar truleg til filosofiske eller astrologiske tolkingar av skapingsforteljingane, fedresogene og ættetavlene i 1 Mos.
1 Tim 1,9 viser til Matt 15,19, Rom 1,29ff, Rom 13,13, 1 Kor 5,10f, 1 Kor 6,9f, 2 Kor 12,20, Gal 5,19ff, Ef 5,3ff, Kol 3,5ff, 2 Tim 3,2ff
Note: lovbrytarar: blir følgd av ein lastekatalog, ei opplisting av haldningar og handlingar som strider mot kristen tru og liv. ▶katalogar.
1 Tim 1,17 viser til Rom 16,27, Gal 1,5, Ef 3,21, 2 Tim 4,18
Note: Amen: hebr. for «det står fast», «det er visst og sant». ▶amen.
1 Tim 1,18 viser til 1 Tim 4,14, 1 Tim 6,12+
Note: profetord: Ifølgje Apg 13,1–3 kunne kristne bli peika ut til bestemte oppgåver på grunnlag av profetord frå leiarar og forkynnarar.
Neste kapittel

27. november 2021

Dagens bibelord

Openberringa 5,1–5

Les i nettbibelen

1Og eg såg at han som sat på trona, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl. 2Då såg eg ein mektig engel som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla?» ... Vis hele teksten

1Og eg såg at han som sat på trona, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl. 2Då såg eg ein mektig engel som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla?» 3Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne. 4Då gret eg sårt, fordi ingen vart funnen verdig til å opna boka eller sjå i henne. 5Men ein av dei eldste sa til meg: «Gråt ikkje! For løva av Juda-stammen, Davids rotskot, har sigra og kan opna boka med dei sju segla.»