Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Markus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel

JESUS TALAR I LIKNINGAR (4,1–34)
Såmannen
4    Jesus tok igjen til å undervisa folket nede ved sjøen. Då samla det seg så mykje folk omkring han at han gjekk ut i ein båt og sat i den utpå sjøen, medan heile folkemengda stod inne på stranda.  2 Han underviste dei om mange ting og la fram læra si i likningar.  3 «Høyr!» sa han. «Ein såmann gjekk ut for å så.  4 Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.  5 Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det skaut opp straks fordi det var så grunt.  6 Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.  7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det, så det ikkje gav grøde.  8 Men noko fall i god jord. Det skaut opp, voks og gav grøde: tretti, seksti, ja, hundre gonger det som var sådd.»  9 Og han sa: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»
   
10 Då han vart åleine med dei tolv og dei andre som var med han, spurde dei han om likningane. 11 Han svara: «Til dykk er løyndomen om Guds rike gjeven. Men til dei som er utanfor, blir alt gjeve i likningar, 12 for at dei skal
           sjå og sjå, men ikkje skilja,
           høyra og høyra, men ikkje forstå,
           så dei ikkje vender om og får tilgjeving.»
13 Og han sa til dei: «Når de ikkje skjønar denne likninga, korleis kan de då i det heile skjøna likningar? 14 Såmannen sår ordet. 15 Dei attmed vegen, det er dei som ordet blir sådd i, men når dei har høyrt det, kjem Satan straks og tek bort ordet som var sådd i dei. 16 Like eins dei som var sådde på steingrunn. Det er dei som tek imot ordet med glede så snart dei får høyra det. 17 Men dei har inga rot og held ut berre ei stund. Når dei møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell dei straks ifrå. 18 Andre var sådde mellom klunger. Det er dei som høyrer ordet, 19 men uroa for dette livet og den svikefulle rikdomen og lysta på alle andre ting kjem inn og kveler ordet, så det ikkje gjev grøde. 20 Men dei som var sådde i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek imot det og gjev grøde: tretti, seksti, ja, hundre gonger det som var sådd.»
Oljelampa
21 Sidan sa han til dei: «Når dei kjem inn med ei oljelampe, set dei henne då under eit kar eller under senga? Set dei ikkje lampa på ein haldar? 22 For ingenting er løynt utan at det skal bli synleg, og ingenting er gøymt utan at det skal koma for dagen. 23 Om nokon har øyre å høyra med, så høyr!»
   
24 Og han sa til dei: «Akta vel på det de høyrer! I det same målet de sjølve måler med, skal det målast opp til dykk, og endå meir skal de få. 25 For den som har, skal få; men den som ikkje har, skal mista jamvel det han har.»
Såkornet
26 Han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda. 27 Han søv og står opp, det blir natt og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. 28 Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset. 29 Så snart grøda er mogen, svingar han sigden, for hausten er komen.»
Sennepsfrøet
30 Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka? 31 Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda. 32 Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»
   
33 Med mange slike likningar tala han ordet til dei, så mykje dei var i stand til å høyra. 34 Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, forklara han alt for dei.
Jesus stiller stormen
35 Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: «Lat oss fara over til andre sida av sjøen.» 36 Dei lét folkemengda bli att og tok han med seg i båten der han sat. Andre båtar følgde òg med. 37 Då kom det ein hard kvervelstorm, og bølgjene slo inn i båten så han heldt på å gå full. 38 Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?» 39 Då reiste han seg, truga vinden og sa til sjøen: «Tei og ver still!» Då gav vinden seg, og det vart blikande stilt. 40 Og han sa til dei: «Kvifor er de så redde? Trur de enno ikkje?» 41 Men då vart dei endå reddare og sa seg imellom: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han!»
Mark 4,12 viser til Jes 6,9f, Joh 12,40, Apg 28,26f, Rom 11,8
Note: for at … men ikkje skilja: Teksten følgjer den aram. attgjevinga av Jes 6,9f. I Matt 13,14f er Jes 6,9f ordrett sitert etter den gr. GT-omsetjinga. ▶Septuaginta.
Mark 4,23 viser til Mark 4,9+
Mark 4,29 viser til Joel 3,18, Op 14,15
Note: hausten: bilete på den siste dommen når tida er til ende. Jf. Matt 13,39.
Note: sennepsfrøet: svært lite frø, opptil 760 frø på eitt gram, men treet kan bli over 2 m høgt.
Forrige kapittelNeste kapittel

22. september 2021

Dagens Bibelord

Markus 1,40–45

Les i nettbibelen

40En mann som var spedalsk, kom til ham, falt på kne og ba om hjelp: «Om du vil, kan du gjøre meg ren.» 41Jesus fikk inderlig medfølelse med ham, rakte ut hånden og rørte ved ham. «Jeg vil», sa han. «Bli ren!» ... Vis hele teksten

40En mann som var spedalsk, kom til ham, falt på kne og ba om hjelp: «Om du vil, kan du gjøre meg ren.» 41Jesus fikk inderlig medfølelse med ham, rakte ut hånden og rørte ved ham. «Jeg vil», sa han. «Bli ren!» 42Med det samme var spedalskheten borte, og mannen ble ren. 43Jesus talte strengt til ham og sendte ham straks bort. 44«Se til at du ikke sier et ord om dette til noen», sa han. «Men gå og vis deg for presten og bær fram de offer for renselsen din som Moses har påbudt. Det skal være et vitnesbyrd for dem.» 45Men mannen gikk av sted og ga seg til å fortelle om det som hadde hendt, og gjøre nyheten kjent vidt og bredt. Derfor kunne Jesus ikke lenger vise seg i noen by. Han holdt til utenfor byene, på øde steder. Men folk kom til ham fra alle kanter.