Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Markus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel

Menneskebod og Guds bod
7Farisearane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg om Jesus.  2 Då la dei merke til at nokre av læresveinane hans åt med ureine hender, det vil seia utan å skylja dei.  3 For farisearane og alle andre jødar heller litt vatn over hendene før dei et. Slik held dei fast ved overleveringa frå dei gamle.  4 Og når dei kjem frå torget, et dei ikkje noko utan å ha teke eit reinsingsbad. Dei har òg mange andre skikkar som dei har overteke og held fast på, så som å dyppa skåler og krus og kjelar i vatn.  5 Difor spurde farisearane og dei skriftlærde han: «Kvifor følgjer ikkje læresveinane dine overleveringa frå dei gamle, men et med vanheilage hender?»  6 Då sa Jesus: «Jesaja profeterte rett om dykk, hyklarar, slik det står skrive:
           Dette folket ærar meg med leppene,
           men hjartet er langt borte frå meg.
          
   
 7  Fåfengt dyrkar dei meg,
           for det dei lærer, er menneskebod.
 8 De har forlate Guds bod, men held fast på overleveringa frå menneske.»
   
 9 Og han sa til dei: «Ja, de fer fint fram! De set Guds bod ut av kraft så dykkar eiga overlevering kan gjelda! 10 Moses har sagt: ‘ Æra far din og mor di’, og: ‘ Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy’. 11 Men de godkjenner likevel at nokon seier til far sin eller mor si: ‘Den hjelpa du skulle hatt frå meg, skal vera ein korban’ – det er ei gåve til tempelet. 12 Då lèt de han ikkje få gjera noko for far eller mor. 13 Slik set de Guds ord til sides av omsyn til den overleveringa de har gjeve vidare. Og slikt gjer de mykje av.»
   
14 Så kalla han folket saman att og sa: «Høyr på meg alle, og forstå! 15 Ikkje noko av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint. Nei, det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint. 16 *Den som har øyre å høyra med, høyr!•»
   
17 Då han var komen i hus, bort frå folket, spurde læresveinane han om likninga. 18 «Forstår de ikkje noko, de heller?» sa han. «Skjønar de ikkje at ingen ting av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint? 19 Det kjem då ikkje inn i hjartet, men fer ned i magen og ut dit det skal.» Dermed slo han fast at all mat er rein. 20 Og han la til: «Det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint. 21 For innanfrå, frå menneskehjartet, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord, 22 ekteskapsbrot, eigesjuke, vondskap, svik, utukt, misunnelege auge, spott, hovmod, vitlaus ferd. 23 All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint.»
Kvinna frå Fønikia
24 Så tok han ut derifrå og fór til Tyros-området. Der gjekk han inn i eit hus og ville ikkje at nokon skulle vita det. Men det kunne ikkje haldast løynt. 25 Ei kvinne der på staden hadde ei dotter som hadde ei urein ånd i seg. Då ho fekk høyra om Jesus, kom ho straks og kasta seg ned for føtene hans. 26 Denne kvinna var gresktalande, av syrisk-fønikisk ætt. Og ho bad han driva den vonde ånda ut av dotter hennar. 27 Men Jesus sa til henne: «Lat først borna få eta seg mette. Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.» 28 «Det er sant, Herre», svara ho, «men hundane under bordet et då smulane etter borna.» 29 Då sa han til henne: «Fordi du sa dette, seier eg deg: Gå heim, den vonde ånda har fare ut av dotter di.» 30 Då ho kom heim, fann ho barnet liggjande på senga. Den vonde ånda hadde fare ut.
Den døve som hadde vondt for å tala
31 Sidan drog Jesus bort att frå Tyros-området. Han tok vegen om Sidon og drog mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet. 32 Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han. 33 Jesus tok han med seg bort frå folket. Han stakk fingrane sine i øyra hans, tok spytt og rørte ved tunga hans. 34 Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!» 35 Med det same vart øyra hans opna, og bandet som batt tunga hans, vart løyst så han tala reint. 36 Jesus forbaud dei å seia det til nokon. Men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent. 37 Folk undra seg storleg og sa: «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høyra og stumme til å tala.»
Forrige kapittelNeste kapittel

20. januar 2022

Dagens bibelord

Salmane 146,1–10

Les i nettbibelen

1Halleluja! Lovsyng Herren, mi sjel! 2Eg vil lovsyngja Herren heile mitt liv, syngja og spela for min Gud så lenge eg er til. 3Stol ikkje på fyrstar, menneske som ikkje kan hjelpa. 4Dei andar ut og blir til jord att, den dagen fell planane i grus. ... Vis hele teksten

1Halleluja! Lovsyng Herren, mi sjel! 2Eg vil lovsyngja Herren heile mitt liv, syngja og spela for min Gud så lenge eg er til. 3Stol ikkje på fyrstar, menneske som ikkje kan hjelpa. 4Dei andar ut og blir til jord att, den dagen fell planane i grus. 5Sæl er den som har Jakobs Gud til hjelpar og set si von til Herren sin Gud. 6Han skapte himmel og jord, havet og alt som er i dei, han er trufast til evig tid. 7Han hjelper dei undertrykte til deira rett, han gjev mat til dei som svelt. Herren set dei bundne fri. 8Herren gjev dei blinde syn. Herren reiser dei nedbøygde opp. Herren elskar dei rettferdige. 9Herren vernar innflyttarar. Han held enkjer og farlause oppe, men gjer vegen kroket for dei som gjer urett. 10Herren er konge til evig tid, din Gud, Sion, frå slekt til slekt. Halleluja!