Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Johannes’ andre brev

1


Helsing
1Den eldste helsar den utvalde frua og borna hennar, som eg i sanning elskar, ja, ikkje berre eg, men alle som har lært sanninga å kjenna.  2 Henne elskar vi fordi sanninga bur i oss og vil vera med oss til evig tid.  3 Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og frå Jesus Kristus, hans Son, vere med oss – i sanning og kjærleik.
Sanning og kjærleik
 4 Eg vart inderleg glad då eg møtte nokre av borna dine og såg at dei går fram i sanninga, slik vår Far har gjeve oss påbod om.  5 Og no legg eg deg på hjartet, frue, ikkje eit nytt bod som eg skriv til deg, men eitt vi har hatt frå første stund: at vi skal elska kvarandre.  6 Og dette er kjærleiken: at vi går fram etter hans bod. Dette bodet har de høyrt frå første stund, og etter det skal de gå fram.
Falske lærarar
 7 For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Dette er forføraren, Antikrist!  8 Vakta dykk, så de ikkje mistar det de har arbeidd for, men får den fulle løna.
   
 9 Den som ikkje blir verande i Kristi lære, men går ut over den, er òg utan Gud. Den som blir verande i læra, har fellesskap både med Sonen og med Faderen. 10 Kjem det nokon til dykk og ikkje har denne læra, skal de ikkje ta han inn i huset og ikkje ønskja han velkomen! 11 For den som ønskjer han velkomen, blir medskuldig i alt det vonde han gjer.
Sluttord
12 Eg har enno mykje meir eg kunne skriva til dykk, men eg vil ikkje seia det med papir og blekk. For eg håpar å få koma til dykk og tala med dykk, andlet til andlet, så gleda vår kan vera fullkomen.
   
13 Borna til syster di, ho som er utvald, helsar deg.
2 Joh 1,1 viser til 1 Pet 5,1
Note: Den eldste: ein leiar i forsamlinga. ▶tenester. den utvalde frua: forsamlinga.
2 Joh 1,7 viser til 1 Joh 2,18f+, 1 Joh 4,1
Note: Antikrist: «mot-Kristus», tittel på ein hovudmotstandar av Kristus.
Note: de har arbeidd for: Mange handskrifter har «vi har arbeidd for».
Note: Borna til syster di: dei kristne i forsamlinga som brevet er sendt frå.

28. oktober 2021

Dagens Bibelord

2. Korintar 13,5–10

Les i nettbibelen

5Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve? 6Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve. ... Vis hele teksten

5Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve? 6Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve. 7Vi bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt. Ikkje for å visa at vi har stått vår prøve, men for at de skal gjera det som godt er. Så kan det gjerne sjå ut som om vi ikkje står vår prøve. 8For vi maktar ingen ting mot sanninga, berre for sanninga. 9Difor gleder vi oss når vi er veike, berre de er sterke. Og det vi bed om, er at de må nå fram til stadig større mognad. 10Difor skriv eg dette før eg kjem, så eg ikkje skal bli nøydd til å fara strengt fram mot dykk når eg er komen, og bruka den fullmakta Herren har gjeve meg. For den har eg fått for å byggja opp, ikkje for å riva ned.