Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Nahum

1 2 3

Neste kapittel
1Bodskap om Ninive. Boka med syna til Nahum frå Elkosj.
Herrens makt og miskunn
     2 Herren er ein nidkjær Gud som tek hemn.
           Herren tek hemn og er full av harme.
           Herren tek hemn over motstandarane,
          han held fast på vreiden mot fiendane.
        
          
   
 3 Herren er sein til vreide,
          makta hans er stor.
           Herren lèt ikkje vera å straffa.
          Hans veg går gjennom kvervelvind og storm,
          skyer er støvet under føtene hans.
          
   
 4 Han trugar havet og legg det tørt,
          alle elvar tørkar han ut.
          No visnar Basan og Karmel,
          Libanons blomeprakt visnar bort.
          
   
 5 Fjella skjelv for han,
          høgdene smeltar.
          Jorda vik bort for hans andlet,
          verda og alle som bur der.
          
   
 6 Kven kan stå seg for harmen hans,
          kven held ut den brennande vreiden?
          Raseriet hans strøymer fram som eld.
          Framfor han blir knausane knuste.
          
   
 7 Herren er god,
          eit vern på trengselsdagen.
          Han tek seg av dei
          som søkjer tilflukt hos han.
          
   
 8 Men med ei veldig flodbølgje
          knuser han staden der ho låg.
          Han jagar fiendane sine inn i mørkret.
          
   
 9 Kvifor legg de planar mot Herren?
          Han skal knusa dykk heilt.
          Nauda skal ikkje koma ein gong til.
          
   
10 Lik tornekratt som er fletta saman,
          lik drankarar som er drukne,
          blir dei fortærte
          som knusktørr halm.

Ninive og Juda
    11 Frå deg gjekk det ut
          ein som tenkte ut vondt mot Herren,
          ein vondsinna rådgjevar.
          
   
12 Så seier Herren:
          Om dei er aldri så sterke og mange,
          skal dei likevel hoggast ned og bli borte.
          Om eg har plaga deg, Juda,
          skal eg ikkje plaga deg lenger.
          
   
13 For no bryt eg åket og tek det av deg,
          lenkjene dine riv eg av.
          
   
14 Men om deg har Herren gjeve bod
          at inga etterslekt skal bera namnet ditt.
          Eg vil rydda ut or gudshuset ditt
          både utskorne og støypte gudebilete.
          Eg gjer i stand ei grav til deg,
          for du er verdlaus.
Note: ho: byen Ninive.
Note: deg: Ninive.
Note: deg: Ninive.
Neste kapittel

22. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romerne 13,8–12

Les i nettbibelen

8Ha ingen skyld til noen, annet enn det å elske hverandre! Den som elsker sin neste, har oppfylt loven. ... Vis hele teksten

8Ha ingen skyld til noen, annet enn det å elske hverandre! Den som elsker sin neste, har oppfylt loven. 9For disse budene: Du skal ikke bryte ekteskapet, du skal ikke slå i hjel, du skal ikke stjele, du skal ikke begjære, eller hvilket bud det så er, sammenfattes i dette: Du skal elske din neste som deg selv. 10Kjærligheten gjør ikke noe ondt mot nesten. Derfor er kjærligheten oppfyllelse av loven. 11Dessuten vet dere hvilken tid det nå er: Timen er kommet da dere må våkne opp av søvnen, for frelsen er oss nærmere nå enn da vi kom til tro. 12Natten er snart slutt, og dagen er nær. La oss derfor legge bort mørkets gjerninger og kle oss i lysets rustning.