Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Lukas

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24

Forrige kapittelNeste kapittel

Den fattige enkja som gav
21Jesus såg opp og fekk sjå at dei rike la gåvene sine i tempelkista.  2 Han la òg merke til ei fattig enkje som gav to små koparmyntar.  3 Og han sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre.  4 For alle dei andre la gåver i kista av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho hadde å leva av.»
JESUS TALAR OM TIDENE SOM SKAL KOMA (21,5–38)
Tempelet skal øydeleggjast
 5     Det var nokre som snakka om tempelet, kor fint det var utsmykka med vakre steinar og tempelgåver. Då sa Jesus:  6 «Det kjem ein dag då alt de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein på stein.»
Trengselstida tek til
 7 Då spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet på at den tida er nær?»  8 Han svara:
        «Ta dykk i vare så ingen fører dykk vill! For mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Det er eg! Tida er nær!’ Følg dei ikkje!
 9 Og når de høyrer om krig og opprør, så lat dykk ikkje skremma! For først må dette henda, men enden kjem ikkje med ein gong.» 10 Og han heldt fram: «Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike. 11 Det skal koma store jordskjelv, og hungersnaud og pest på stad etter stad. Det skal henda redselsfulle ting og syna seg store teikn frå himmelen.
   
12 Men før alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfølgja dykk, gje dykk over til synagogane og kasta dykk i fengsel, og for mitt namn skuld skal de førast fram for kongar og landshovdingar. 13 Då skal de få vitna for dei. 14 Legg dykk på hjartet at de ikkje treng tenkja ut på førehand korleis de skal forsvara dykk. 15 For eg skal leggja orda i munnen på dykk og gje dykk visdom som ingen av motstandarane dykkar skal kunna stå seg imot eller seia imot. 16 Jamvel foreldre og sysken, slektningar og vener skal svika dykk og senda nokre av dykk i døden. 17 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. 18 Men ikkje eit hårstrå på hovudet skal de mista. 19 Hald ut, så skal de vinna livet!
Jerusalem skal øydeleggjast
20 Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at byen snart blir øydelagd. 21 Då må dei som er i Judea, rømma til fjells, dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen. 22 For dette er straffedomens tid, då alt som står skrive, skal gå i oppfylling. 23 Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! For det skal bli stor naud i landet, og vreide skal ramma dette folket. 24 Dei skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot heilt til tida for heidningane er ute.
Når Menneskesonen kjem
25 Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka bli gripne av redsle og rådløyse i larmen frå hav og brotsjøar. 26 Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrommet skal bli rokka. 27 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. 28 Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.»
Lær av fikentreet
29 Så fortalde han dei ei likning:
        «Sjå på fikentreet og alle andre tre!
30 Når lauvet sprett, då veit de av dykk sjølve at sommaren er nær. 31 Like eins veit de at Guds rike er nær når de ser at dette hender. 32 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender. 33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
Vak og be
34 Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk 35 som ei snare. For den dagen skal koma over alle som bur på jorda. 36 Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»
   
37 Om dagen var Jesus i tempelet og underviste, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta. 38 Og tidleg om morgonen flokka folket seg om han på tempelplassen og høyrde på han.
Luk 21,1 viser til 2 Kong 12,9, Joh 8,20
Note: tempelkista: kan tyda eit skattkammer eller ei offerkiste. Eitt av skattkammera i tempelet var innreidd for å ta imot gåver og avgifter frå folket, og der stod det offerkister for ulike føremål.
Luk 21,1 viser til 2 Kong 12,9, Joh 8,20
Note: tempelkista: kan tyda eit skattkammer eller ei offerkiste. Eitt av skattkammera i tempelet var innreidd for å ta imot gåver og avgifter frå folket, og der stod det offerkister for ulike føremål.
Note: små koparmyntar: den minste mynteininga hos jødane.
Luk 21,6 viser til Luk 19,43f
Luk 21,8 viser til 2 Tim 3,5
Note: Det er eg: kan òg omsetjast «Eg er». ▶Jesu titlar.
Note: fikentreet: Dei fleste tre i Israel er eviggrøne, men fikentreet mistar blada om hausten og skyt nye skot att seint på våren.
Note: fikentreet: Dei fleste tre i Israel er eviggrøne, men fikentreet mistar blada om hausten og skyt nye skot att seint på våren.
Forrige kapittelNeste kapittel

26. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romarane 2,1–11

Les i nettbibelen

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. ... Vis hele teksten

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. 3Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? 4Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? 5Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom. 6Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: 7Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. 8Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente. 9Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar. 10Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar. 11For Gud gjer ikkje forskjell på folk.