Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Domarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

Neste kapittel

Israel tek Kanaan
1Då Josva var død, spurde israelittane Herren: «Kven av oss skal først dra opp og kjempa mot kanaanearane?»  2 Herren svara: «Juda skal dra opp. Sjå, eg gjev landet i hans hender.»  3 Då sa Juda til Simon, bror sin: «Kom med meg opp til min del av landet og lat oss kjempa mot kanaanearane! Så skal eg gå med deg til din del av landet.» Og Simon gjekk med han.
   
 4 Så drog Juda opp, og Herren gav kanaanearane og perisittane i deira hender. Dei slo dei ved Besek, ti tusen mann.  5 Dei møtte Adoni-Besek ved Besek og kjempa mot han, og dei slo kanaanearane og perisittane.  6 Adoni-Besek rømde, men dei forfølgde han, greip han og hogg av han tommelfingrane og stortærne.  7 Då sa Adoni-Besek: «Sytti kongar med avhogne tommelfingrar og stortær sanka smular under mitt bord. Gud har gjeve meg løn som fortent for det eg har gjort.» Så førte dei han til Jerusalem, og der døydde han.
   
 8 Judearane gjekk til åtak på Jerusalem og tok byen. Dei slo byen med sverd og sette eld på han.  9 Etterpå drog judearane ned for å kjempa mot kanaanearane som budde i fjella, i Negev og i låglandet. 10 Juda gjekk mot kanaanearane som budde i Hebron. Hebron heitte før i tida Kirjat-Arba. Der slo dei Sjesjai, Ahiman og Talmai.
   
11 Derifrå gjekk dei mot innbyggjarane i Debir. Debir heitte før Kirjat-Sefer. 12 Kaleb sa: «Den som slår Kirjat-Sefer og tek byen, skal få Aksa, dotter mi, til kone.» 13 Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb, tok byen, og Kaleb gav han Aksa, dotter si, til kone. 14 Då ho kom, overtala ho han til å be faren om eit jordstykke. Ho steig av eselet, og Kaleb spurde henne: «Kva vil du?» 15 Ho svara: «Gjev meg ei gåve! Ettersom du har gjeve meg dette ørkenlandet, må du òg gje meg kjelder med vatn!» Og Kaleb gav henne Øvrekjelda og Nedrekjelda.
   
16 Etterkomarane av kenitten som var svogeren til Moses, drog med judearane opp frå Palmebyen til Juda-ørkenen ved Negev Arad og busette seg blant folket der. 17 Juda gjekk med Simon, bror sin, og dei slo kanaanearane som budde i Sefat. Dei slo byen med bann og øydela han; difor kalla dei han Horma. 18 Så tok Juda Gaza med landet omkring, Asjkalon med landet omkring og Ekron med landet omkring. 19 Herren var med Juda, og dei tok fjellområda. Men dei greidde ikkje å driva bort dei som budde på sletta, for dei hadde jernvogner.
   
20 Dei gav Hebron til Kaleb, slik som Moses hadde sagt, og han dreiv dei tre anakittane bort derifrå. 21 Men benjaminittane dreiv ikkje bort jebusittane som budde i Jerusalem, og jebusittane bur saman med benjaminittane i Jerusalem den dag i dag.
   
22 Josef-stammane drog òg ut mot Betel, og Herren var med dei. 23 Dei sende folk til å utforska Betel. Byen heitte før Lus. 24 Dei som var ute og undersøkte, fekk sjå ein mann koma ut frå byen. Dei sa til han: «Syn oss no kvar vi kan ta oss inn i byen, så skal vi spara deg!» 25 Han viste dei kvar dei kunne koma inn, og dei slo byen med sverd. Men mannen og heile familien hans lét dei gå. 26 Mannen drog til hetittlandet. Der bygde han ein by som han kalla Lus, og det heiter byen den dag i dag.
   
27 Manasse dreiv ikkje bort folket i Bet-Sjean og Taanak med småbyane som høyrde til, heller ikkje innbyggjarane i Dor, Jibleam og Megiddo med småbyane deira. Kanaanearane greidde å halda seg i dette landet. 28 Då israelittane vart sterkare, sette dei kanaanearane til tvangsarbeid, men fordreiv dei ikkje heilt.
   
29 Efraim dreiv ikkje ut kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande iblant dei der. 30 Sebulon dreiv ikkje bort innbyggjarane i Kitron og Nahalol. Kanaanearane vart buande mellom dei, men dei måtte gjera tvangsarbeid.
   
31 Asjer dreiv ikkje ut innbyggjarane i Akko og Sidon, heller ikkje innbyggjarane i Ahlab, Aksib, Helba, Afik og Rehob. 32 Ettersom dei ikkje hadde drive ut kanaanearane som heldt til i landet, busette Asjer seg mellom dei. 33 Naftali dreiv ikkje ut innbyggjarane i Bet-Sjemesj og Bet-Anat. Dei busette seg blant kanaanearane som heldt til der i landet. Men innbyggjarane i Bet-Sjemesj og Bet-Anat måtte gjera tvangsarbeid for dei.
   
34 Amorittane trengde danittane opp i fjellet og lét dei ikkje få koma ned på sletta. 35 Amorittane greidde å bli buande i Har-Heres, Ajjalon og Sjaalbim. Men då Josefs hus fekk overtaket, måtte dei gjera tvangsarbeid. 36 Grensa til amorittane gjekk frå Akrabbim-skardet og vidare oppover frå Sela.
Dom 1,2 viser til Jos 6,2+
Dom 1,16 viser til 4 Mos 10,29, Dom 3,13, Dom 4,11
Note: Palmebyen: Jeriko. Jf. 5 Mos 34,3.
Note: Horma: hebr. for «slege med bann». Byen ligg lengst sør i Kanaan, nær Beer-Sjeba, og vart tidlegare kalla Sefat.
Dom 1,27 viser til Jos 17,11f
Neste kapittel

24. oktober 2021

Dagens Bibelord

Johannes 12,35–36

Les i nettbibelen

35Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. ... Vis hele teksten

35Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. 36Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.