Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Johannes’ første brev

1 2 3 4 5

Neste kapittel

Livsens ord
1Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med våre eigne auge, det vi såg og det hendene våre rørte ved, sjølve livsens ord, det forkynner vi.  2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner for dykk det evige livet. Det var hos Far og vart openberra for oss.  3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi òg for dykk, så de skal ha fellesskap med oss, vi som har fellesskap med Far og med hans Son, Jesus Kristus.  4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.
Lev i lyset
 5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er lys; i han finst det ikkje mørker.  6 Seier vi at vi har fellesskap med han, men vandrar i mørkret, då lyg vi og følgjer ikkje sanninga.  7 Men dersom vi vandrar i lyset, liksom han er i lyset, då har vi fellesskap med kvarandre, og blodet frå Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd.
   
 8 Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss.  9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, då gjer vi han til løgnar, og hans ord er ikkje i oss.
1 Joh 1,7 viser til Ef 5,8, Hebr 9,14, Op 1,5
Note: blodet … reinsar: jf. omtalen av offer i teltheilagdomen, seinare i tempelet, særleg på «den store soningsdagen», 3 Mos 16,1–17,9. ▶offer og soning. ▶festar og høgtider.
1 Joh 1,10 viser til Rom 3,10ff
Neste kapittel

24. oktober 2021

Dagens Bibelord

Johannes 12,35–36

Les i nettbibelen

35Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. ... Vis hele teksten

35Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. 36Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.