Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Paulus forsvarar seg for kong Agrippa
26Så sa Agrippa til Paulus: «Du kan få lov til å svara for deg.» Paulus lyfte handa og tok til med forsvaret:
   
 2 «Eg held det for ei lukke at det er framfor deg, kong Agrippa, eg i dag skal forsvara meg mot alt det som jødar skuldar meg for,  3 sidan du kjenner så vel alle skikkar og stridsspørsmål hos jødane. Difor bed eg deg om å høyra på meg med tolmod.  4 Heilt frå barndomen har eg budd mellom folket mitt og i Jerusalem, og alle jødar veit korleis livet mitt har vore.  5 Dei kjenner meg frå før, om dei berre vil vitna om det, og veit at eg har levd som farisear og høyrt til den strengaste retninga i religionen vår.  6 Og no står eg her og skal dømmast fordi eg set mi von til den lovnaden Gud gav fedrane våre,  7 den lovnaden som det tolvætta folket vårt vonar å sjå oppfylt – difor er dei uthaldande og dyrkar Gud natt og dag. For denne vona, konge, kjem jødar med skuldingar mot meg.  8 Kvifor blir det rekna som utruleg hos dykk at Gud vekkjer opp døde?
   
 9 Eg tykte sjølv ein gong at det var ei plikt å strida av all kraft mot nasarearen Jesu namn. 10 Og det gjorde eg i Jerusalem. Eg fekk fullmakt frå overprestane og kasta mange av dei heilage i fengsel. Var det tale om å avretta dei, røysta eg for. 11 Rundt omkring i alle synagogane fekk eg dei ofte straffa for å tvinga dei til å spotta. Og rasande som eg var, forfølgde eg dei heilt til byar i utlandet.
   
12 Medan dette stod på, fór eg ein gong til Damaskus med fullmakt og oppdrag frå overprestane. 13 På den ferda, konge, såg eg midt på dagen eit lys frå himmelen, klårare enn sola. Det stråla omkring meg og dei som var i lag med meg. 14 Vi fall alle til jorda, og eg høyrde ei røyst som sa til meg på hebraisk: ‘Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg? Det blir hardt for deg å stampa mot brodden!’ 15 ‘Kven er du, Herre?’ spurde eg. Og Herren svara: ‘Eg er Jesus, han som du forfølgjer. 16 Men reis deg opp og stå på føtene! Eg har synt meg for deg fordi eg vil velja deg ut til tenar og til vitne, både om det du har sett av meg, og om det du sidan skal få sjå, 17 når eg bergar deg ut frå ditt eige folk og frå alle heidningfolka. Eg sender deg til dei 18 for å opna auga deira, så dei vender om frå mørker til lys, frå Satans makt til Gud, og får tilgjeving for syndene og arverett saman med dei som har vorte helga ved trua på meg.’
   
19 Og difor, kong Agrippa, har eg ikkje vore ulydig mot det himmelske synet. 20 Tvert om har eg forkynt, først i Damaskus og Jerusalem, sidan i heile Judea og for heidningfolka, at dei må skifta sinn og venda om til Gud og gjera gjerningar som svarar til omvendinga. 21 Difor var det at nokre jødar greip meg i tempelet og ville drepa meg. 22 Men til denne dag har Gud hjelpt meg, og no står eg her og vitnar for høg og låg, og eg seier ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulle henda: 23 at Messias skulle lida, at han skulle vera den første som stod opp frå dei døde, og at han sidan skulle forkynna lyset både for vårt folk og for heidningfolka.»
   
24 Då han kom til desse orda i forsvarstalen, ropa Festus høgt: «Du er frå sans og samling, Paulus! Den store lærdomen din fører deg frå forstanden.» 25 Men Paulus svara: «Eg er ikkje frå forstanden, vørde Festus. Alt det eg seier, er sant og vel gjennomtenkt. 26 Kongen kjenner til desse tinga; difor talar eg så frimodig til han. Eg kan ikkje tru at noko av dette er ukjent for han. Det har då ikkje gått føre seg i ein avkrok. 27 Trur du profetane, kong Agrippa? Eg veit at du trur.» 28 Då sa Agrippa til Paulus: «Det er like før du får overtala meg til å bli ein kristen.» 29 Paulus svara: «Like før eller lenge att, det er mitt ønske til Gud at både du og alle som høyrer meg i dag, må bli som eg, men utan desse lenkjene.»
   
30 Så reiste kongen seg saman med landshovdingen og Berenike og dei andre som sat der. 31 Då dei hadde trekt seg tilbake, tala dei med kvarandre og sa: «Den mannen gjer ikkje noko som han fortener dødsstraff eller fengsel for.» 32 Og Agrippa sa til Festus: «Han kunne ha vorte sett fri om han ikkje hadde anka til keisaren.»
Apg 26,9 viser til Apg 9,1f+
Note: dei heilage: >9,13.
Note: stampa mot brodden: Uttrykket i den gr. teksten er ein kvardagsleg talemåte. Det gjev biletet av ein okse som stretar imot piggen som oksedrivaren driv han fram med.
Apg 26,22 viser til Luk 24,44ff
Forrige kapittelNeste kapittel

06. desember 2021

Dagens bibelord

Salmane 65,10–14

Les i nettbibelen

10Du gjestar jorda og lèt henne drikka djupt, du gjer henne overdådig rik. Guds bekk er full av vatn, du sørgjer for kornet, ja, såleis sørgjer du for henne. 11Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene, med regnskurer gjer du jorda mjuk, du velsignar hennar grøde. ... Vis hele teksten

10Du gjestar jorda og lèt henne drikka djupt, du gjer henne overdådig rik. Guds bekk er full av vatn, du sørgjer for kornet, ja, såleis sørgjer du for henne. 11Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene, med regnskurer gjer du jorda mjuk, du velsignar hennar grøde. 12Du kronar året med dine gode gåver, spora dine flyt over av rikdom, 13beita i øydemarka flyt over, haugane smykkar seg med jubel. 14Markene kler seg med sauer, dalane sveiper seg i korn. Dei ropar av glede, dei syng.