Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel
7Øvstepresten spurde: «Er det sant, dette?»  2 Stefanus svara:
        «Brør og fedrar, høyr på meg! Herlegdomens Gud synte seg for Abraham, far vår, medan han var i Mesopotamia, før han slo seg ned i Harran,
 3 og sa til han: ‘ Dra bort frå landet ditt og frå slekta di til det landet som eg skal syna deg!  4 Då drog han frå Kaldearlandet og busette seg i Harran, og etter at far hans var død, lét Gud han flytta derifrå til dette landet der de no bur.  5 Gud gav han ikkje noka jord til eige der, ikkje så mykje som ei fotbreidd; men han lova å gje han og ætta hans landet i eige, endå han ikkje hadde born.  6 Og Gud sa til han at ætta hans skulle bu som innflyttarar i eit framandt land, der dei skulle vera slavar og bli plaga i fire hundre år.  7  Men det folket dei skal vera slavar for, vil eg dømma’, sa Gud, ‘ og så skal dei dra ut og tena meg på denne staden.’  8 Og Gud gav han omskjeringspakta. Så fekk han sonen Isak og omskar han den åttande dagen. Det same gjorde Isak med Jakob, og Jakob med dei tolv stamfedrane.
   
 9 Fedrane vart misunnelege på Josef og selde han til Egypt. Men Gud var med han 10 og berga han ut av all naud. Han gav han visdom og lét han vinna godvilje hos farao, egyptarkongen, og kongen sette han til å styra Egypt og heile sitt hus. 11 Så vart det uår i heile Egypt og Kanaan, og nauda var stor. Fedrane våre fekk ikkje tak i mat. 12 Men Jakob høyrde at det var korn i Egypt, og han sende fedrane våre dit første gongen. 13 Andre gongen dei kom, gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og farao fekk vita om ætta hans. 14 Då sende Josef bod og kalla til seg Jakob, far sin, og heile ætta – syttifem personar. 15 Så reiste Jakob ned til Egypt, og der enda han sine dagar, både han og fedrane våre. 16 Dei vart førte til Sikem og lagde i den grava som Abraham hadde kjøpt for sølv av sønene til Hamor i Sikem.
   
17 Etter kvart som det leid fram mot den tida då Gud skulle setja i verk det han hadde lova Abraham, voks folket og vart talrikt i Egypt. 18  Det stod fram ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste om Josef. 19 Han fór fram med list mot folket vårt, var hard med fedrane våre og tvinga dei til å setja ut spedborna sine, så dei ikkje skulle få leva opp. 20 På den tida vart Moses fødd. Han var eit vakkert barn i Guds auge. I tre månader vart han fostra i huset til far sin. 21 Så vart han sett ut. Men dotter til farao tok han opp og fostra han som sin eigen son. 22 Såleis fekk Moses opplæring i all egyptisk visdom, og han var full av kraft både i ord og i gjerning.
   
23 Då han hadde fylt førti år, fekk han hug til å sjå korleis det gjekk med landsmennene sine, Israelsfolket. 24 Og då han såg ein som leid urett, kom han mannen til hjelp. Han slo egyptaren i hel, så den mishandla fekk retten sin. 25 Han trudde at landsmennene hans kom til å skjøna at Gud ville bruka han til å berga dei, men dei skjøna det ikkje. 26 Dagen etter kom han over to menn som slost, og han prøvde å forlika dei og sa: ‘De er då brør! Kvifor gjer de urett mot kvarandre?’ 27 Men han som hadde gjort urett mot landsmannen sin, skuva han til sides og sa: ‘ Kven har sett deg til leiar og dommar over oss? 28  Tenkjer du å drepa meg, slik du drap egyptaren i går? 29 Desse orda fekk Moses til å rømma, og han slo seg ned som innflyttar i Midjan, der han fekk to søner. 30 Då førti år var gått, synte ein engel seg for han i øydemarka ved Sinai-fjellet, i logen frå ein brennande klungerbusk. 31 Moses såg dette synet og undra seg. Då han gjekk nærare for å sjå etter, lydde Herrens røyst: 32  Eg er dine fedrars Gud, Abraham og Isak og Jakobs Gud.’ Men Moses skalv av redsle og våga ikkje sjå opp. 33 Då sa Herren til han: ‘ Ta skorne av føtene! For staden du står på, er heilag grunn. 34  Eg har sett korleis folket mitt blir plaga i Egypt og har høyrt korleis dei klagar. Eg har stige ned for å fria dei ut. Gå no! Eg sender deg til Egypt.
   
35 Det var denne Moses dei ikkje ville vita av då dei sa: ‘ Kven har sett deg til leiar og dommar?’ – og det var han Gud sende til leiar og bergingsmann, med hjelp av engelen som synte seg for han i klungerbusken. 36 Moses var det som førte dei ut og gjorde under og teikn i Egypt, ved Raudehavet og i øydemarka i førti år. 37 Han var det som sa til israelittane: ‘ Gud skal la det stå fram ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. 38 Då folket var samla i øydemarka, var det òg han som var saman både med fedrane våre og med engelen som tala til han frå Sinai-fjellet. Moses tok imot levande ord som han skulle gje oss. 39 Men fedrane våre ville ikkje lyda han. Dei viste han frå seg, og i sitt hjarte vende dei attende til Egypt, 40 og dei sa til Aron: ‘ Lag gudar til oss som kan gå føre oss. For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses som førte oss ut frå Egypt. 41 På den tida laga dei ein kalv og bar fram offer til denne avguden og gledde seg over eit verk av sine eigne hender. 42 Då vende Gud seg frå dei og lét dei tilbe himmelhæren, som det står skrive i profetboka:
           Bar de fram for meg slaktoffer og gåver
           dei førti åra i ørkenen, Israels hus?
          
   
43  Nei, de bar med dykk teltet til Molok
           og stjerna til Refan, guden dykkar,
           bileta som de laga og tilbad.
           Men eg vil flytta dykk bortanfor Babylon.
44 I øydemarka hadde fedrane våre vitnemålsteltet, det som Moses skulle laga etter det førebiletet han fekk sjå, slik han som tala til Moses, hadde gjeve påbod om. 45 Fedrane våre fekk det i arv, og under Josva tok dei det med seg inn i det landet dei fekk i eige etter dei folkeslaga som Gud dreiv bort framfor dei. Slik var det heilt til Davids dagar. 46 Han fann nåde hos Gud og bad om å få sørgja for ein bustad til Jakobs hus. 47 Men det vart Salomo som bygde eit hus for Gud. 48 Likevel bur ikkje Den høgste i noko som er bygd av menneskehand. For såleis talar profeten:
          
   
49  Himmelen er mi trone,
           og jorda er min fotskammel.
           Kva slag hus kan de byggja for meg, seier Herren,
           eller kvar er staden der eg kan kvila?
          
   
50  Er det ikkje mi hand som har skapt alt dette?
51 Stivnakka er de, og uomskorne på hjarte og øyre! Alltid står de Den heilage ande imot, de som fedrane dykkar. 52 Kven av profetane var det fedrane dykkar ikkje forfølgde? Dei drap dei som på førehand forkynte at Den rettferdige skulle koma. Og han har de no svike og slege i hel, 53 de som tok imot lova etter påbod av englar, men ikkje har halde henne.»
Stefanus blir steina
54 Då dei høyrde dette, vart dei rasande og skar tenner mot han. 55 Men fylt av Den heilage ande vende Stefanus auga mot himmelen, og der såg han Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand. 56 Då sa han: «Eg ser himmelen open og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand.» 57 Men då skreik dei høgt og heldt seg for øyra, og alle som ein storma dei mot han. 58 Dei dreiv han ut av byen og steina han. Og vitna la kappene sine ved føtene til ein ung mann som heitte Saulus. 59 Dei steina Stefanus medan han bad og sa: «Herre Jesus, ta imot mi ånd.» 60 Så fall han på kne og ropa høgt: «Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!» Då han hadde sagt det, sovna han inn.
Apg 7,8 viser til 1 Mos 17,10ff
Note: omskjeringspakta: Omskjeringa var ei religiøs handling og eit teikn på at ein høyrde til den pakta Gud gjorde med Abraham og ætta hans.
Apg 7,21 viser til 2 Mos 2,3ff
Apg 7,31 viser til 2 Mos 3,4ff
Apg 7,42 viser til Am 5,25ff
Note: himmelhæren: ▶himmelske vesen.
Note: Molok: kanaaneisk guddom. ▶framande gudar. Refan: kan vera feillesing av namnet til ein assyrisk-babylonsk gud. Nokre handskrifter har «Romfa», eit babylonsk gudenamn.
Apg 7,44 viser til 2 Mos 25,9-40, 2 Mos 27,21, Hebr 8,5
Note: vitnemålsteltet: ▶Septuaginta nyttar denne nemninga på teltheilagdomen. Jf. 2 Mos 33,7ff. «Vitnemålet» er eit namn på Guds lov. ▶Guds bustad.
Apg 7,46 viser til Sal 132,5
Note: Jakobs hus: Mange handskrifter har «Jakobs Gud».
Apg 7,49 viser til Jes 66,1f
Apg 7,52 viser til 2 Krøn 36,16, Matt 5,12, Matt 23,30ff, Apg 5,41, Jak 5,10
Note: Den rettferdige: Messias, Kristus. Jf. 3,14 og 22,14.
Apg 7,53 viser til Gal 3,19, Hebr 2,2
Note: av englar: Jf. v. 38.
Apg 7,55 viser til Apg 2,33+
Apg 7,56 viser til Sal 80,18
Note: Menneskesonen: den nemninga Jesus oftast bruker om seg sjølv. Jf. Dan 7,13f. ▶Jesu titlar.
Apg 7,60 viser til Matt 5,44+
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.