Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Ananias og Saffira
5Ein mann som heitte Ananias, og Saffira, kona hans, selde ein eigedom.  2 Men han gøymde unna ein del av pengane, og kona visste om det. Så kom han med resten og la det ved føtene til apostlane.  3 Då sa Peter: «Ananias, kvifor har Satan fylt hjartet ditt, så du laug for Den heilage ande og heldt att noko av det du fekk for jorda di?  4 Var ho ikkje di så lenge du hadde henne? Og når du så hadde selt, rådde du ikkje sjølv over pengane? Kvifor lét du dette få rom i hjartet ditt? Det er ikkje menneske du har loge for, men Gud.»  5 Då Ananias høyrde dette, fall han om og døydde. Og det kom redsle over alle som høyrde om det.  6 Nokre unge menn kom og sveipte den døde. Så bar dei han ut og gravla han.
   
 7 Om lag tre timar seinare kom kona hans inn. Ho visste ikkje kva som hadde hendt.  8 Peter spurde henne: «Sei meg, var dette alt de fekk for jorda?» «Ja», svara ho, «det var alt.»  9 Då sa Peter til henne: «Korleis kunne de bli samde om å setja Herrens Ande på prøve? Høyr stega utanfor døra. Det er dei som har gravlagt mannen din. No skal dei bera deg ut.» 10 Og straks fall ho om ved føtene hans og døydde. Dei unge mennene kom inn og fann henne død, og dei bar henne ut og gravla henne ved sida av mannen. 11 Og det kom stor otte over heile forsamlinga og alle som høyrde om det.
Teikn og under
12 Ved hendene til apostlane vart mange teikn og under gjorde i folket. Med eitt sinn heldt alle saman og møttest i Salomos søylehall. 13 Ingen andre våga å slutta seg til dei, men folket sette dei høgt. 14 Fleire og fleire trudde på Herren og vart lagde til flokken, både menn og kvinner i stort tal. 15 Dei bar til og med sjuke ut på gatene og la dei på senger og bårer, så i det minste skuggen av Peter kunne falla på nokre av dei når han gjekk framom. 16 Også frå byane kring Jerusalem kom det folk i stort tal. Dei bar med seg sjuke og slike som var plaga av ureine ånder, og alle vart lækte.
Nytt forhøyr
17 Då greip øvstepresten inn, han og alle som heldt med han, det vil seia saddukearpartiet. Dei vart brennande harme, 18 greip apostlane og kasta dei i byfengselet. 19 Men ein engel frå Herren opna fengselsportane om natta, leidde dei ut og sa: 20 «Gå og still dykk opp på tempelplassen og forkynn for folket heile denne bodskapen om livet!» 21 Fordi dei hadde høyrt desse orda, gjekk dei til tempelet utpå morgonsida, og der underviste dei.
        Samstundes kalla øvstepresten og mennene hans saman Rådet, heile eldsterådet i Israel, og sende bod til fengselet etter apostlane.
22 Men då vaktmennene kom dit, fann dei ikkje apostlane. Dei kom tilbake og melde: 23 «Vi fann fengselet forsvarleg stengt, og vaktene stod ved portane. Men då vi lét opp, fann vi ingen der inne.» 24 Denne meldinga gjorde overprestane og sjefen for tempelvakta rådville, og dei undra seg på kva dette kunne vera. 25 I det same kom det ein og fortalde: «Dei mennene de sette i fengsel, står no på tempelplassen og underviser folket.» 26 Sjefen for vakta og mennene hans drog då av stad og henta dei, men utan å bruka makt; dei var redde for å bli steina av folket.
   
27 Så tok dei apostlane med seg og stilte dei fram for Rådet. Og øvstepresten tok til å spørja dei ut: 28 «Forbaud vi dykk ikkje strengt å undervisa om dette namnet? Og no har de fylt heile Jerusalem med læra dykkar og vil leggja skulda for blodet til denne mannen over på oss.» 29 Men Peter og apostlane svara: «Ein skal lyda Gud meir enn menneske! 30 Våre fedrars Gud reiste opp Jesus, han som de hengde på eit tre og drap. 31 Han har Gud lyft opp og sett ved si høgre hand som fyrste og frelsar, for at han kan gje Israel omvending og tilgjeving for syndene. 32 Om alt dette kan vi vitna, vi og Den heilage ande som Gud har gjeve dei som lyder han.»
   
33 Då dei høyrde dette, vart dei rasande og sette seg føre å drepa dei. 34 Men ein farisear som heitte Gamaliel, ein lovlærar som heile folket sette høgt, reiste seg i Rådet, bad dei føra mennene ut ei lita stund 35 og sa: «Israelittar! Tenk dykk vel om før de gjer noko med desse mennene! 36 For ei tid sidan stod Tevdas fram. Han gav seg ut for å vera noko stort, og om lag fire hundre menn slo lag med han. Men han vart drepen, og heile flokken av tilhengjarar løyste seg opp og vart borte. 37 Etter han, på den tid det var folketeljing, kom galilearen Judas. Han drog med seg mykje folk, men han mista livet, og alle tilhengjarane hans vart spreidde. 38 Og no seier eg dykk: Hald dykk unna desse mennene! Lat dei gå! For dersom dette er menneskevilje og menneskeverk, blir det ingenting av det. 39 Men er det av Gud, kan de ikkje stansa dei. Det kunne visa seg at de strider mot Gud.» Dei følgde rådet hans 40 og kalla apostlane inn att. Dei lét dei piska, forbaud dei å tala i Jesu namn og lét dei så gå. 41 Dei gjekk bort frå Rådet, glade fordi dei var rekna verdige til å lida vanære for Namnet skuld. 42 Men dei lét seg ikkje stansa. Både i tempelet og i heimane heldt dei dag etter dag fram med å undervisa og forkynna evangeliet om at Jesus er Messias.
Apg 5,1 viser til Apg 4,34f
Apg 5,3 viser til Joh 13,2
Apg 5,14 viser til Apg 2,41+
Apg 5,17 viser til Apg 4,1
Apg 5,34 viser til Apg 22,3
Note: Gamaliel: vidgjeten rabbinar, verksam ca. 30–60 e.Kr. ▶retningar innanfor jødedomen.
Note: Tevdas: kanskje leiaren for eit opprør som romarane slo ned midt på 40-talet e.Kr.
Note: Judas: leiar for eit opprør mot den romerske skatteinnkrevjinga i år 6 e.Kr.
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.