Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel
8Saulus var samd i drapet på Stefanus.
Forfølging
Same dagen braut det ut ei hard forfølging mot forsamlinga i Jerusalem. Alle så nær som apostlane vart spreidde omkring i Judea og Samaria.  2 Nokre fromme menn gravla Stefanus og heldt ei stor dødsklage over han.  3 Men Saulus fór hardt fram mot forsamlinga. Han trengde seg inn i hus etter hus og drog ut både menn og kvinner og fekk dei sette i fengsel.
Filip i Samaria
 4 Dei som var spreidde omkring, drog rundt og forkynte Ordet.  5 Filip kom ned til hovudstaden i Samaria, og der forkynte han Kristus.  6 Og alle som ein følgde godt med på det Filip sa når dei høyrde han og såg dei teikna han gjorde.  7 For mange hadde ureine ånder i seg, og dei fór ut med høge skrik, og mange lamme og halte vart lækte.  8 Det vart stor glede der i byen.
   
 9 Ein mann som heitte Simon, hadde fare med trolldom i byen og sett folket i Samaria i stor undring. Han gav seg ut for å vera noko stort. 10 Alle var opptekne av han, og både små og store sa: «Han er den Guds kraft som kallast Den store.» 11 Dei slutta seg til han fordi han i lang tid hadde sett dei i undring med trolldomskunstene sine. 12 Då dei begynte å tru Filip, som forkynte evangeliet om Guds rike og Jesu Kristi namn, lét dei seg døypa, både menn og kvinner. 13 Simon kom òg til tru. Etter at han var døypt, heldt han seg stadig til Filip og undra seg over dei teikn og mektige gjerningar som han såg.
   
14 Då apostlane i Jerusalem fekk høyra at Samaria hadde teke imot Guds ord, sende dei Peter og Johannes dit. 15 Dei kom ned og bad for dei truande, at dei måtte få Den heilage ande. 16 For Anden var endå ikkje komen over nokon av dei; dei var berre døypte til Herren Jesu namn. 17 No la dei hendene på dei, og dei fekk Den heilage ande.
   
18 Men då Simon såg at Anden vart gjeven når apostlane la hendene på dei, baud han dei pengar 19 og sa: «Gjev meg òg denne makta, så den eg legg hendene på, kan få Den heilage ande!» 20 Men Peter sa til han: «Måtte pengane dine gå til grunne saman med deg, du som tenkte at du kunne kjøpa Guds gåve for pengar! 21 Du har ingen lut eller del i dette, for hjartet ditt er ikkje rett i Guds auge. 22 Vend om frå denne vondskapen din, og be til Herren, så kanskje han vil tilgje deg at du ber slik ein tanke i hjartet ditt. 23 For eg ser at du er full av bitter galle og lenkja til vondskap.» 24 Då sa Simon: «De må be til Herren for meg, så ikkje noko av det de no har sagt, skal koma over meg.»
   
25 Etter at dei hadde bore fram vitnemålet sitt og tala Herrens ord, drog dei tilbake til Jerusalem, og på vegen forkynte dei evangeliet i mange av landsbyane i Samaria.
Filip og den etiopiske hoffmannen
26 Ein engel frå Herren tala til Filip og sa: «Gjer deg ferdig og gå sørover på vegen som fører frå Jerusalem til Gaza.» Dette er ei aud strekning. 27 Filip gjorde seg ferdig og tok ut. Då fekk han sjå ein etiopisk hoffmann, ein høg embetsmann som hadde tilsyn med skattkammeret hos Kandake, dronninga i Etiopia. No hadde han vore i Jerusalem for å tilbe. 28 Han var på veg heim og sat i vogna si og las frå profeten Jesaja. 29 Då sa Anden til Filip: «Gå bort og hald deg attmed den vogna.» 30 Filip sprang dit bort og høyrde at han las frå profeten Jesaja. «Skjønar du det du les?» spurde han. 31 «Korleis kan eg vel det når ingen rettleier meg?» svara han. Og han bad Filip koma opp og setja seg ved sida av han. 32 Det stykket i Skrifta som han las, var dette:
           Lik ein sau dei fører til slakting,
           lik eit lam som teier når det blir klipt,
           lét han ikkje opp sin munn.
          
   
33  Då han var fornedra,
           vart dommen over han bortteken.
           Kven kan fortelja om hans ætt?
           For livet hans er rykt bort frå jorda.
34 Hoffmannen sa då til Filip: «Sei meg, kven er det profeten talar om her? Er det om seg sjølv eller om ein annan?» 35 Då tok Filip til orde. Han begynte med dette skriftordet og forkynte evangeliet om Jesus for han. 36 Medan dei køyrde frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn, og hoffmannen sa: «Sjå, her er vatn. Kva er til hinder for at eg blir døypt?» 37 *«Trur du av heile ditt hjarte, så kan det gjerast», sa Filip. «Eg trur at Jesus Kristus er Guds Son», svara han.• 38 Så lét han vogna stansa, og dei steig ned i vatnet, både Filip og hoffmannen, og Filip døypte han. 39 Då dei steig opp av vatnet, rykte Herrens Ande Filip bort, og hoffmannen såg han ikkje meir. Han fór glad sin veg. 40 Men Filip fekk dei sjå att i Asjdod, og han forkynte evangeliet i alle byane han drog igjennom, heilt til Cæsarea.
Apg 8,5 viser til Apg 21,8+
Note: hoffmann: Den gr. teksten nyttar ordet «evnukk», ein kastrert mann. Det var ikkje uvanleg at mannlege medlemer av orientalske hoff var kastrerte. Kandake: kan òg vera ein tittel, på line med «farao».
Apg 8,32 viser til Jes 53,7f
Note: Verset manglar i dei eldste handskriftene.
Apg 8,40 viser til Apg 21,8
Note: Cæsarea: viktig hamneby nordvest for Jerusalem, sete for den romerske landshovdingen i Judea.
Forrige kapittelNeste kapittel

20. september 2021

Dagens Bibelord

Salmene 30,1–5

Les i nettbibelen

1En salme. En sang til innvielsen av tempelet. Av David. 2Jeg opphøyer deg, Herre, for du dro meg opp, du lot ikke fienden fryde seg over meg. 3Herre, min Gud, jeg ropte til deg, og du helbredet meg. ... Vis hele teksten

1En salme. En sang til innvielsen av tempelet. Av David. 2Jeg opphøyer deg, Herre, for du dro meg opp, du lot ikke fienden fryde seg over meg. 3Herre, min Gud, jeg ropte til deg, og du helbredet meg. 4Herre, du førte min sjel opp fra dødsriket, du ga meg liv på nytt da jeg var i graven. 5Spill for Herren, dere hans trofaste, pris hans hellige navn!