Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel
30Då Rakel såg at ho og Jakob ikkje fekk born, vart ho misunneleg på syster si og sa til Jakob: «Gjev meg barn! Elles døyr eg.»  2 Jakob vart rasande på Rakel og sa: «Er eg i Guds stad? Det er han som har nekta deg livsfrukt.»  3 Då sa ho: «Her er slavekvinna mi, Bilha. Gå inn til henne! Ho kan føda på knea mine, så eg òg kan få barn ved henne.»  4 Så gav ho han Bilha, slavekvinna si, til kone, og Jakob gjekk inn til henne.  5 Bilha vart med barn og fødde Jakob ein son.  6 Då sa Rakel: «Gud har hjelpt meg til retten min. Han har høyrt bøna mi og gjeve meg ein son!» Difor kalla ho han Dan.  7 Sidan vart Bilha, slavekvinna til Rakel, med barn att og fødde Jakob endå ein son.  8 Då sa Rakel: «Eg har stridd gudskampar med syster mi, og eg har vunne.» Så kalla ho han Naftali.
   
 9 Då Lea såg at ho ikkje fekk fleire born, tok ho Silpa, slavekvinna si, og gav Jakob til kone. 10 Og Silpa, slavekvinna til Lea, fødde Jakob ein son. 11 Då sa Lea: «For ei lukke!» Så kalla ho han Gad. 12 Silpa, slavekvinna til Lea, fødde Jakob endå ein son. 13 Då sa Lea: «Lukkeleg er eg! For kvinnene kjem til å prisa meg lukkeleg.» Så kalla ho han Asjer.
   
14 Ein dag i kveitehausten gjekk Ruben ut på marka. Der fann han alrunar, og han tok dei med seg heim til Lea, mor si. Då sa Rakel til Lea: «Gjev meg nokre av alrunane som son din har funne!» 15 Lea svara: «Er det ikkje nok at du har teke mannen min? Vil du ta alrunane til son min òg?» Då sa Rakel: «Får eg alrunane, kan Jakob liggja med deg i natt.» 16 Då Jakob kom heim frå marka om kvelden, gjekk Lea til møtes med han og sa: «Det er meg du skal koma til; eg har kjøpt deg for dei alrunane som son min fann.» Så låg han med henne den natta. 17 Og Gud høyrde Lea. Ho vart med barn og fødde Jakob den femte sonen. 18 Då sa Lea: «Gud har gjeve meg løn for at eg gav slavekvinna til mannen min.» Så kalla ho han Jissakar. 19 Sidan vart Lea med barn att og fødde Jakob den sjette sonen. 20 Då sa Lea: «Gud har gjeve meg ei god gåve. Denne gongen vil mannen min visa meg vørdnad, for eg har fødd han seks søner.» Så kalla ho han Sebulon. 21 Sidan fødde ho ei dotter og kalla henne Dina.
   
22 Då kom Gud Rakel i hug. Han høyrde henne og opna morslivet hennar 23 så ho vart med barn og fødde ein son. Då sa ho: «Gud har teke bort mi skam.» 24 Ho kalla han Josef; for ho sa: «Måtte Herren gje meg endå ein son!»
Korleis Jakob vart rik
25 Då Rakel hadde fødd Josef, sa Jakob til Laban: «Lat meg få reisa heim til mitt eige land! 26 Gjev meg konene og borna mine, som eg har tent deg for, så eg kan dra. For du veit korleis eg har arbeidd for deg.» 27 Då sa Laban: «Om du berre ville sjå på meg med velvilje! Spådomsteikna viser meg at det er for di skuld Herren har velsigna meg.» 28 Han heldt fram: «Sei kva du skal ha i løn hos meg, så skal eg gje deg det!» 29 Jakob svara: «Du veit korleis eg har arbeidd for deg, og kva buskapen din har vorte til medan eg har stelt han. 30 For det vesle du hadde før eg kom, har vakse og vorte til mykje. Der eg sette min fot, har Herren velsigna deg. Men når skal eg få syta for mitt eige hus?» 31 Då sa Laban: «Kva skal eg gje deg?» Jakob svara: «Du skal ikkje gje meg noko. Men vil du gjera som eg seier, skal eg halda fram med å gjeta småfeet ditt og sjå etter det. 32 I dag vil eg gå gjennom alt småfeet ditt og skilja ut alle dei flekkete og spraglete lamma, alle dei mørke lamma og dei geitene som er flekkete og spraglete. Det skal vera løna mi. 33 Når du ein dag kjem for å sjå over løna mi, skal min ærlegdom vitna for meg. Finst det ei geit hos meg som ikkje er flekkete eller spraglete, eller ein sau som ikkje er mørk, så er dei stolne.» 34 Då svara Laban: «Godt! Lat det vera som du seier.» 35 Men same dagen skilde han ut dei bukkane som var stripete og spraglete, alle geitene som var flekkete og spraglete, alle som det var noko kvitt på, og alle dei mørke sauene. Og han lét sønene sine ta vare på dei. 36 Så la han tre dagsreiser mellom seg og Jakob, medan Jakob gjette resten av småfeet hans.
   
37 Men Jakob fann seg friske kjeppar av poppel, mandeltre og lønnetre og flekte borken av dei i striper så den kvite veden kom til syne. 38 Så sette han kjeppane som han hadde flekt borken av, opp i vasstraua og rennene der småfeet kom for å drikka, rett framfor dyra. Dyra para seg når dei kom og drakk, 39 og sidan småfeet para seg ved kjeppane, fekk dei stripete, flekkete og spraglete ungar. 40 Jakob skilde ut sauene, og han lét småfeet venda hovudet mot dei stripete og mørke dyra i buskapen til Laban. Slik skaffa han seg eigne flokkar som han ikkje sleppte saman med småfeet til Laban. 41 Kvar gong det var sterke dyr som para seg, sette Jakob kjeppar i vasstraua, rett framfor auga på dei, for at dei skulle para seg ved kjeppane. 42 Men var det veike dyr, gjorde han det ikkje. På den måten fekk Laban dei veike dyra, men Jakob fekk dei sterke. 43 Og mannen vart svært rik. Han fekk småfe i mengder, slavekvinner og slavar, kamelar og esel.
1 Mos 30,3 viser til 1 Mos 16,2
Note: føda på knea mine: gammalt uttrykk for adopsjon. Jf. 50,23.
Note: Dan: Namnet liknar på det hebr. ordet for «å dømma» eller «hjelpa nokon til retten hans».
Note: Naftali: Namnet liknar eit hebr. uttrykk som tyder «min strid».
Note: Gad: Namnet tyder «lukke».
1 Mos 30,13 viser til Luk 1,48
Note: Asjer: Namnet liknar på det hebr. ordet for «å prisa lukkeleg».
Note: alrunar: plante som vart brukt i folkemedisinen, m.a. for å auka forplantingsevna.
Note: Jissakar: Namnet liknar det hebr. ordet for «løn», men minner òg om ordet for «å kjøpa», jf. v. 16.
Note: visa meg vørdnad: Tydinga av det hebr. ordet er usikker. Namnet Sebulon liknar på dette ordet.
Note: Josef: Namnet liknar på det hebr. ordet for «å gjera noko endå ein gong».
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.